Hopp til innhold

Først fem timar etter flyet skulle letta fekk Karoline SMS frå Widerøe

Først fem timar etter at flyet skulle letta frå Gardermoen til Førde, fekk Karoline Vie SMSen frå Widerøe om at streiken var i gang og at flyet var kansellert.

Karoline Vie

SKUFFA: Karoline Vie fekk beskjed frå Widerøe klokka 12.54, fire timar etter at flyet skulle gått frå Gardermoen.

Foto: Privat

NRK har i dag fått fleire meldingar om at SMS-varslinga til Widerøe har fungert tidvis lite tilfredsstillande for dei mange passasjerane som skulle vore ute og flydd med selskapet i dag.

Fekk SMS på bussen

– Eg fekk vite om streiken då eg kom på Gardermoen i dag tidleg. Eg klarte då å rekke ekspressbussen. Først fire timar etter at flyet skulle letta, medan eg var på bussen, kom SMS frå Widerøe, fortel Karoline Vie frå Vassenden i Jølster.

Som kring 11.000 andre passasjerar måtte ho i dag nøye med seg med anna transport enn fly for å kome seg fram. Streiken blant dei kabintilsette i Widerøe har sett samtlege Widerøe-fly på bakken.

Widerøe beklagar

Kommunikasjonsdirektør i Widerøe, Richard Kongsteien, var onsdag kveld ikkje kjend med problem med SMS-varslinga til passasjerane.

– Men vi beklagar sjølvsagt på det sterkaste at det har skjedd. Når så mange tusen passasjerar skal ha beskjed, så kan det ha oppstått nokre problem undervegs, seier Kongsteien.

Richard Kongsteien

BEKLAGAR: Richard Kongsteien i Widerøe.

Foto: Kristina Kvistad Hustad

Skulle vore travelt

Han reknar likevel med at dei aller fleste passasjerane som skulle vore med Widerøe sine flygingar i dag hadde fått med seg at det var ein streik under oppsegling.

– Vi har brukt alle tilgjengelege kanalar for å gjere dette kjend, seier Kongsteien og legg til at det ikkje har vore kontakt mellom partane i streiken i dag.

– Vi vonar jo at denne konflikten snart er over. I dag skulle ha vore ein svært travel trafikkdag for Widerøe, seier kommunikasjonsdirektøren.

Blei forbanna

Karoline Vie meiner uansett at Widerøe burde klart å få sendt ut varsling til passasjerane på SMS.

– Eg må innrømme at eg blei ganske forbanna då meldinga kom på telefonen min, fem timar etter at flyet skulle ha letta frå Gardermoen, seier Vie, som i kveld kom fram til Sogn og Fjordane med ekspressbussen.

Sjokkert over streiken

Richard Kongsteien i Widerøe brukte krasse ord om sine eigne kabintilsette i ei pressemelding tidlegare i dag.

– Eg er sjokkert over at vi er i streik. Dei best betalte kabintilsette i Europa streikar og det er heilt uforståeleg for oss, seier Kongsteien som meiner at selskapet har tilbydd eit oppgjer sikrar gode vilkår og pensjonsrettar for dei tilsette.

Leiar i Widerøes kabinforening, Kari Onarheim, seier til Aftenposten at dei vil stå på krava og at dei ikkje kan godta at dei er den einaste kabinforeninga i SAS-konsernet som ikkje kan forhandle om sin eigen pensjon.