Hopp til innhold

FFO: - Valet er ikkje for alle

Langt under halvparten av kommunane i Norge legg godt nok til rette for funksjonshemma ved valet til hausten.

Val/Jonny Håvåg

FÅR IKKJE STEMME: Jonny Håvåg i Førde kan ikkje lese og skrive. Det gjer det svært vanskeleg for han å stemme.

Foto: Erichsen, Jarl Fr/NRK / SCANPIX

Sett i lys av terroråtaka mot Oslo og Utøya den 22. juli er det mange som meiner at det aldri før har vore så viktig at folk nyttar stemmeretten sin. Men mange meiner at valet ikkje er for alle.

For berre 173 av dei 430 kommunane i landet vel å leggje til rette for funksjonshemma med nytt valmateriale.

- Slik det er i dag er ikkje valet for alle, seier assisterande generalsekretær Jarl Ovesen i Funksjonshemmedes fellesorganisasjon, FFO.

– Eg forstår ikkje kva som står på stemmesetelen

Jonny Håvåg i Førde er ein av dei som kvir seg for å stemme. Då NRK møter han er han på jobb som kantinemedarbeidar på kommunehuset. Men sjølv om stemmeurna står berre nokre etasjar lengre nede, kvir han seg for å stemme. Han kan nemleg verken lese eller skrive.

- Eg synst det er vanskeleg å stemme. Eg kan ikkje lese og skrive og forstår ikkje kva som står om dei forskjellige partia, seier Håvåg.

Utan å kunne lese vert det umogleg for Håvåg å skilje mellom kandidatane som stiller til val i dei ulike partia.

- Eg føler vi ikkje er verdt den drit, seier Jonny Håvåg som er oppgitt over situasjonen.

– Dette gjeld mange

Og han er ikkje åleine. Funksjonshemmedes fellesorganisasjon, FFO, seier det er mange som kjenner seg diskriminerte ved valet.

- Dette er alt for dårleg. Spesielt når vi veit at det i 2009 kom ein lov som forby diskriminering av funksjonshemma, seier assisterande generalsekretær Jarl Ovesen i FFO og legg til:

- Mange har sagt at det er spesielt viktig å nytte stemmeretten sin etter terroråtaka, dette fordi det er viktig å synleggjere demokratiet. Då er det eit paradoks at mange veljarar opplever at det er vanskeleg for dei å delta i valet, seier Ovesen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jarl Ovesen, Funksjonshemmedes fellesorganisasjon
Foto: Erichsen, Jarl Fr., Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

Laber interesse for nytt valmateriale

Etter mykje kritikk frå førre val, vart det sett i gong eit prosjekt som hadde som mål å gjere vallokala og valprosessen meir tilgjengeleg for folk. I Sogn og Fjordane har åtte av 26 kommunar synt interesse for prosjektet.

På landsplan har 173 av 430 kommunar bestilt nytt valutstyr før valet i september.

- Eg stussar veldig over at ikkje resten av kommunane har gjort det same. Kommunane har ansvar for å sikre at dei som kan stemme får like vilkår. Eg ville anta at dette nye valutstyret kan vere med å gjere det enklare for mange, seier Ovesen.

Dette skal gjere det enklare

Det nye utstyret består av valavlukke, valurne og eit eige skiltprogram. Valavlukket er godt eigna for rullestolbrukarar og er utforma på ein måte som skal gjere det enklare også for blinde og svaksynte å orientere seg blant dei forskjellige stemmesetlane.

Den nye valurna har oransje farge rundt opninga for å gjere den lettare synleg for svaksynte, og er også utforma slik at den er lett tilgjengeleg for til dømes rullestolbrukarar.

Det nyutvikla skiltprogrammet inneheldt mellom anna to forskjellige informasjonsplakatar. Det inneheld også ledeteip som kan klistrast på golvet for å syne veg rundt i vallokalet.

– Dette hjelper ikkje meg

Kommunane som nyttar seg av dette nye valmaterialet vil på ein god måte kunne leggje til rette for godt merking og tydeleg informasjon til veljarane, meiner FFO. Men for Jonny Håvåg hjelper slike hjelpemiddel likevel lite. Utan å kunne lese eller skrive vert det vanskeleg i stemmelokalet.

- Det er nok fleire som sit heime og ikkje gidd stemme fordi dei ikkje kan lese og skrive, seier Håvåg.

- Er det viktig for deg å kunne stemme?

- Ja, for då kan eg få inn dei politikarane eg vil ha, seier Håvåg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Liv Signe Navarsete

IKKJE BRA: Liv Signe Navarsete held fast ved at valet skal vere for alle og vil undersøke saka.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Minister vil undersøke saka

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete seier det skal vere mogleg for alle å stemme. Ho vil no undersøke saka nærare.

- Det gjer meg trist å høyre om innbyggjarar som føler dei ikkje får nytte seg av stemmeretten sin. Mi oppmoding er klinkande klar – dersom det er kommunar der ikkje alle får høve til å stemme så må kommunen gjere noko med det, seier Navarsete.

– Valet er ikkje for alle

FFO meiner rett og slett at kommune- og fylkestingsvalet ikkje er for alle.

- Per i dag er det ikkje det nei. Det er alt for mange funksjonshemma som framleis vil oppleve å kome til eit vallokale utan at det er tilstrekkeleg tilrettelagt for dei, seier Ovesen.

I Sogn og Fjordane er det kommunane Hyllestad, Sogndal, Aurland, Årdal, Askvoll, Fjaler, Førde og Bremanger som skal ha synt interesse for det nye valmaterialet.