Festivalpassa utseld for første gong på Målrock

Med redusert publikumskapasitet frå tidlegare år, vart billettane rive vekk i rekordfart då Målrock gjekk av stabelen i går.

God stemning på Målrock i går

STINN BRAKKE: For første gong i historia vart festivalpass utseld for målrock. På scena laga medan anna Yung Wigz, Haglunden & King Teigen god stemning, framfor eit feststemt publikum.

Foto: Håvard Nesbø / Målrock

– Det er veldig lenge sidan eg har hatt ei så god kjensle, seier festivalsjef Thomas Norheim Moen.

Historisk

I går gjekk musikkfestivalen Målrock av stabelen i Årdal. Den tradisjonsrike festivalen som starta opp i 2003 har dei siste åra har hatt varierande besøkstal, men i går vart festivalpassa for helga selde ut.

– Det er første gong i historia at me har greidd å gjere det, så det var moro, seier Moen.

I år har arrangørane justert ned publikumskapasiteten frå tidlegare, til 2000 tilskodarar.
Festivalsjefen meiner tala dei har fått inn frå gårsdagen viser at interessa for Målrock framleis er stor.

Stemning under Målrockfestivalen i går

STOR INTERESSE: Festivalsjefen tykkjer det er moro å sjå at så mange støttar opp om festivalen.

Foto: Håvard Nesbø / Målrock

– Eg tykkjer det er svær moro å sjå kor mange som kjem hit og visar sitt engasjement.

Håpar på ny suksess i dag

Moen som fortel at det framleis er mogleg å kjøpe dagspass for laurdagen, håpar på fulle hus også i kveld.

– Eg ser for meg at me hamnar på det same som i går. I kveld har me jo også blant anna Sondre Justad på scena, og det er klart han dreg sitt publikum.

Fornøgd publikum på Målrock

STEMNING: Det er ikkje utenkjeleg at det vert liknande tendensar i kveld då Sondre Justad entrar scena i Årdal.

Foto: Håvard Nesbø / Målrock

Festivalsjefen både håpar og trur no at festivalen vil sjå grøne tal når helga er omme.

– Etter nokre utfordrande år ser det endeleg ut som at me kjem til å gå i pluss, seier han.