Hopp til innhold

Festivalen fekk først nei på søknaden, så fekk dei ja

Rockefestivalen Fres i Fresvik får likevel kulturmidlar.

Stemning

FAST INNSLAG: Fres har sidan 2005 gledd festivalpublikumet med artistar store artistnamn som Veronica Maggio og Odd Nordstoga.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Dugnadsfestivalen søkte om 40.000 kroner i kulturmidlar, men fekk 10.000 kroner då klaga vart handsama i fylkesutvalet på måndag.

Etter tilrådinga frå fylkesrådmannen skulle ikkje Fres fått midlar.

– Det var litt mindre enn vi håpa på, men det viktigaste er at vi har den regionale støtta som vi trenger for å kunne søkje på støtteordninga til Kulturrådet, seier festivaladmiral Håvard Ese Eliassen.

Seks klaga på avslag

Håvard Ese Eliassen, presseansvarleg i Fres festival

GLER SEG: Håvard Ese Eliassen og Fres festival får likevel kulturmidlar frå fylkeskommunen. – Det er vi sjølvsagt glade for, seier han.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Fylkeskommunen har over ein halv million kroner mindre å rutte med til kultur, noko dei mange festivalane i fylket vil merke. Seks søkjarar klaga på avslag på midlar.

I avslaget til Fres la fylkesdirektøren avgjerande vekt på om søkjaren hadde fått stønad frå musikkfestivalordninga til kulturrådet. Festivalen fekk 100.000 frå arrangørstøtteordninga.

Festivaladmiralen i Fresvik meiner det ikkje burde vere einaste kriterium for tildeling.

– Fylkeskommunen har ein vedteken kulturstrategi. I den oppfyller vi alle kriterium for å få stønad frå fylkeskommunen. Dei har likevel valt å legge avgjerande vekt på det som skjer på kulturrådet sitt kontor i Oslo. Det vart ikkje gjort godt nok kjent i søkeprosessen, meinte Eliassen.

Fem fekk avslag

Då fylkesutvalet handsama klaga denne veka, fekk Fres som einaste klagar, tommelen opp.

– Vi gjekk ganske godt gjennom premissane for korleis søknadsordningane til Kulturrådet fungerer, så vi hadde godt håp om å bli imøtekomne i alle fall litt. Og det vart vi, seier Ese.

Andre klagarar som ikkje fekk medhald, var Sunnfjord Kunstlag og Vestnorsk sommarsymfoni.