Flyttar kystfestival ned til sjøen

Dei mange musikkfestivalane kjem til å prege Sogn og Fjordane også i 2018. I Kalvåg riggar dei seg til å ta imot enda fleire gjester neste år.

Kalvåg

NY SCENE: Kalvåg kystfestival satsar stort i 2018 og flyttar alle konsertane ned til området rundt Knutholmen.

Foto: Arild Nybø

– Nytt av året blir at heile konsertområdet blir flytta ned til Knutholmen, med tilgang til restaurant, båthamn og omliggande brygger og rorbuer. Dette blir svært publikumsvennleg, spektakulært og intimt med ein dagleg kapasitet på 2000 publikum, fortel Svein Arild Vatsø, ein av dei som står bak festivalen i Kalvåg.

Dei har alt sikra seg eit av toppnamna til årets festival, nemleg rockelegenda Åge Aleksandersen, som kjem til Kalvåg 3. august saman med Sambandet.

– Vi har jobba i fleire år med å sikre oss Norges rockeflaggskip til festivalen og nå blir det endeleg ein realitet, seier Vatsø til NRK.

Kystfestivalen i Kalvåg er eit samarbeidsprosjekt mellom Aktiv Kalvåg, Knutholmen og Kalvåg Kystlag.

Åge Aleksandersen

KLAR FOR KALVÅG: Åge Aleksandersen & Sambandet kjem til Kalvåg 3. august neste år.

Foto: Solvår Flatås/NRK

Bergensfavoritt til Gulen

Også i Gulen er gjengen bak Utkantfestivalen i full gang med å planlegge neste års festival på Skjerjehamn. Dei har også fått auka offentleg støtte til festivalen og får 350.000 kroner frå Kulturrådet neste år.

– Ei auka stønad gjer oss, eit sikrare økonomisk fundament og ein større tryggleik i planlegginga. Slik at ikkje heile økonomien er avhengig av vêrmeldinga veke 30, seier ein nøgd festivalsjef Viggo Randal til avisa Nordhordland.

Utkantfestivalen har elles sikra seg Lars Vaular, Sløtface og Erlend Ropstad til festivalen i 2018.

Gluecifer på Uka 05.

LEGENDER: Gluecifer har comeback og legg ut på turné neste år.

Foto: Arne Kristian Gansmo

Rocka stil på Malakoff

Også den største festivalen i fylket, Malakoff rockfestival på Nordfjordeid, har byrja å sleppe ein del av artistane som kjem.

Ikkje minst for rockeelskarar blir det mykje bra å sjå, særleg fordi dei dei norske rockelegendene Gluecifer har funne tilbake til kvarandre. Dei har også booka publikumsfavorittar som Gåte og Kjartan Lauritzen.