Hopp til innhold

Festbråk og saftig førelegg – slik var politinatta

Fleire gonger i natt måtte politiet rykke ut til festar etter meldingar om støy og krangling. For andre blei natt til sundag dyrare enn planlagt.

Politimenn i bil, snakker i radio

BRÅK OG STØY: Høg musikk og krangling var noko av det politiet i fylket måtte rykke ut på i natt. Bilete er ein illustrasjon.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

I Førde rauk to personar uklar under eit drikkelag. Det enda med at politiet køyrde den eine personen heim.

Lenger ute mot kysten var det høg musikk og støy frå ein bustad i Florø sentrum. Der fekk festdeltakarane beskjed om å dempe seg av politiet.

Då klokka var bikka godt over midnatt var det krangling på ein fest i Loen. Kranglefantane hadde allereie roa seg då politiet kom til staden.

I Sogndal fekk politiet inn ei melding om krangling i sentrum. Der måtte politiet inn for å mekle mellom partane. Saka blir følgt opp.

Mindre bråk ute

På serveringsstadane i fylket var det heller roleg.

I Øvre Årdal måtte politiet ta hand om ein rusa person ved ein serveringsstad i sentrum.

– I natt var det stille og roleg. Nokre helger er det mest bråk ved utestadane, men no var det meir krangling og støy på private adresser, seier Bengt Næss, som er operasjonsleiar ved operasjonssentralen i Florø.

Må ut med over 5000

Kvelden blei dyr for ein bilist i Stryn sentrum. Politiet oppdaga bilisten som køyrde forbi eit skilt med innkøyring forbode. Natta enda med eit førelegg på 5350 for brot på skiltvedtektene.

– Satsane har blitt dyre, så det vil folk merke, seier Næss.

På Bryggja blåste ein førar raudt på promille. Politiet tok med føraren for blodprøvetaking, og har oppretta sak.