Hopp til innhold

Festbråk og rus over heile fylket

Politiet melder om slåsting og fulle folk fleire stadar i fylket natt til 17. mai.

I Sogndal vart to menn i 20-åra viste vekk frå sentrum etter slåsting på ein utestad. Politiet køyrde også heim ei jente i slutten av tenåra som var overstadig rusa. Fem mindreårige vart i løpet av natta fråtekne alkoholhaldig drikke som dei hadde med seg.

På festplassen i Førde vart tre menn i slutten av tenåra viste vekk frå sentrum grunna slåsting. Politiet var og på festplassen for å dempe lydnivået på festinga der. Ein gut på 17 år vart vist bort då han var overstadig rusa og uønskt i sentrum.

I Florø vart ein mann i slutten av tenåra vist vekk frå eit arrangement grunna ufin oppførsel. Det same skjedde med ein mann og ei kvinne i 20- åra litt tidlegare på kvelden.

I Stryn vart ein rusa mindreårig gut vist vekk frå sentrum og ein gut på 17 år som var overstadig rusa vart køyrt heim til foreldra sine. Ein mann i Stryn vart meld til politiet for å ha slått ein annan mann i andletet. Begge dei to var i slutten av tenåra.

I Nordjfordeid vart ei jente i slutten av tenåra som var på ein privat fest teken hand om av helsepersonell då ho var overstadig rusa.

Sandane vart fem menn i 20-åra viste vekk frå sentrum då dei var uønskt på staden.

Og til sist melder politiet at i Høyanger vart ei jente i slutten av tenåra køyrd heim fordi ho var overstadig rusa.