NRK Meny
Normal

Alkoholfritt arrangement ute av kontroll - politiet måtte stoppe festen

Ein fest var ute av kontroll natt til laurdag og to førarar er mistenkte for køyring i rusa tilstand.

Grodås sentrum

UTE AV KONTROLL: Arrangementet på forsamlingshuset på Grodås kom ut av kontroll og politiet måtte rykke ut.

Foto: Ottar Starheim / NRK

På forsamlingshuset på Grodås i Hornindal var det fredag kveld arrangert eit alkoholfritt arrangement for ungdommar under 18 år.

Men utover kvelden kom arrangementet ut av kontroll og fleire av ungdommane som var på staden var overstadig rusa.

Ei politipatrulje rykka ut til staden etter ei melding i 01-tida og fekk stansa festen og rydda staden for folk.

Dei som arrangerte festen har opplyst til politiet at det var rundt 500 ungdomar i forsamlingshuset.

I løpet av natta har også politiet teke to førarar mistenkte for køyring i rusa tilstand.

Den første vart teken like før halv to på Krokane i Florø. Mannen som er i 30 åra vart teke blodprøve av og fekk førarkortet kverrsett. Saka vert vidare etterforska av Flora politistasjon.

Om lag ein time seinare vart ein mann stoppa i ein promillekontroll på Fv55 på Kyrkjebø i Høyanger, også han mistenkt for køyring i rusa tilstand. Mannen i 40-åra vart framstilt for blodprøve og fekk førarkortet kverrsett.

Saka vert vidare etterforska av lensmannskontoret i Høyanger.


Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå