Hopp til innhold

Fest og rus - slik var politinatta i fylket

Rykka ut tre gonger til same adresse etter melding om bråk. Fest skapte arbeid for politiet i natt.

Politimenn i bil, snakker i radio

FESTBRÅK OG RUS: Natt til laurdag rykka politiet ut til meldingar om festbråk, rus og køyring i rusa tilstand.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Første melding kom kl. 23.47 om festbråk på ei adresse i Førde. Festen enda i arresten for ein mannleg festdeltakar.

– Mann i 20-åra vil bli meldt for forsøk på vald mot politiet. Han blei tatt med ei mindre mengde hasj på seg, seier Inge Verøy som er operasjonsleiar ved Politidistrikt Vest sin operasjonssentral i Florø.

Festen slutta ikkje med det, for nær ein time seinare kom det melding om meir bråk frå same fest. Politiet valde å avslutte festen.

– Det var ein god del ungdomar som var samla frå fleire nærliggande kommunar, seier Verøy.

Kl. 02.53 og for tredje gong natt til laurdag, fekk politiet på ny ei melding om bråk frå same adresse. Det enda i arresten for ein mann.

– Ein mann i slutten av tenåra ville ikkje gjere det politiet bad om. Dei to arresterte vil bli avhøyrt i dag og meldt, seier Verøy.

Kor ofte reiser de ut på same adresse tre gonger?

– Det er ikkje uvanleg at ein reiser ut to gonger til same fest, men tre gonger er heller sjeldan. Bråk frå husfesten gjer at nabolag blir råka, seier Verøy.

Måtte handtere rus

I Sogndal fekk politiet kl. 01.07 tips om ein rusa bilførar.

– Tipsar låg bak ein bil som var vinglete. Politiet stogga bilføraren, som var openbart rusa og mangla gyldig førarkort. Mannen vart tatt med til lege for blodprøve, og vil no bli meldt for køyring i rusa tilstand, seier Verøy.

Seinare på natta fekk politiet ei melding ute ved kysten i Florø. Der sov ein mann ut rusen i eit busskur på Evja. Politiet køyrde mannen heim.