NRK Meny
Normal

Ferskt idrettslag har kurs for 1. divisjon

Kan bli den første folkehøgskulen med volleyballag på nest øvste nivå i Norge.

Oskar Raftevold frå Innvik er sentral på Sunnfjord IL
Foto: Sunnfjord Folkehøgskule

– Det er noko vi aldri har gjort før, og det kan bli krevjande for spelarane å vere både elevar og utøvarar på høgt nivå. Men det er spennande, seier Magne Hornnes.

Han er lærar ved Sunnfjord folkehøgskule, og tok initiativet då Sunnfjord IL vart stifta i mai 2014. Ganske nøyaktig to år seinare har folkehøgskulen sine volleyballag spelt seg fram til kvalifisering til 1. divisjon.

– Formelt sett er det fort. Vi har spelt i seriesystemet i nokre år, men då formelt som ein del av Førde Volleyballklubb. Dei siste to åra har vore eige idrettslag med ein overbyggingsavtale til Førde, forklarer Hornnes.

Ikkje nøgd med nivået – må vere tøffe

Skulen på Solvang i Førde kan no bli den første folkehøgskulen med lag på det nest øvste nivået i Norge. Kommande helg spelar både herre- og damelaget kvalifisering om opprykk.

På damesida møter dei Blussuvoll, Fræna, Lierne, OSI og Sandnes og Sunnfjord. Dei fire beste rykker opp. Herrane spelar mot Asker, Kristiansand og Vestli, og dei to beste laga tek steget opp ein divisjon.

– Eg trur nok gutane har størst sjanse. Det er tøft å komme opp i 1. divisjon, men nivået i 2. divisjon i Sogn og Fjordane er heller svakt, og vi får ikkje spelt på høgt nok nivå, seier Hornnes og legg til:

– Vi må berre vere litt tøffe og komme oss opp. Det kan bli nokre trøkkar, men då strekkjer vi oss iallfall.

Sunnfjord IL sitt damelag i volleyball
Foto: Sunnfjord Folkehøgskule

Sunnfjord har fått i pose og sekk

Sunnfjord-leiaren er spent på korleis «spelarstallen» blir etter eit eventuelt opprykk. Med utgangspunkt i ein folkehøgskule, vil laga måtte byte ut svært mange spelarar frå år til år.

– Vi byter generasjon kvart år, og må vere gode på det. Men vi har klart det så langt, seier Hornnes.

Skulle Sunnfjord klare å rykkje opp med eitt eller to lag, vil det vere prikken over i'en i Førde. Frå før har Førde Volleyballklubb teke gull i både serie og cup for herrar. Sunnfjord folkehøgskule vann i vinter skule-NM.

– Kva seier det om volleyballen i Norge?

– Det seier noko om volleyballen sin posisjon i Sunnfjord. Den er uvanleg sterk, seier Hornnes.

Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".