Hopp til innhold

Fersk fisk til heile landet

Domstein Sjømat har reetablert sitt nettverk av distribusjonssentralar for fersk sjømat over heile landet.

Domstein-administrasjonsbygg i Måløy
Foto: Arild Nybø / NRK

– Det er ingengrunn til at norske forbruker ikkje skal ha tilgang til verdas beste sjømat, seier adm.dir. Rolf Domstein til NTB.

Han seier dette blei aktuelt då dei nyleg tok over Enghav, som er ein av to landsdekkande fiskedistributørar.

– Mange meiner tilgangen på fersk fisk ikkje godt nok, det vil vi bidra til å snu seier Domstein til NRK.no.

Domstein som har hovudkontor i Måløy, har no også avdelingar i Tromsø, Bodø, Trondheim, Bergen, Haugesund, Stavanger, Kristiansand og Oslo.

I Oslo er det etablert eit samarbeid med Fiskecentralen. Produksjonen og distribusjonen i Østlandsområdet vil difor i løpet av vinteren blir flytta frå Kjeller til Fiskehallen i Oslo.

Rolf Domstein

LEVERER FERSK FISK TIL HEILE LANDET: Adm.dir. Rolf Domstein i Domstein Sjømat

Foto: utlånt av Domstein-gruppen

– På alle desse åtte plassane blir det lokal fisk. Sentralen i Bergen som leverer til Hordaland og Sogn og Fjordane vi få fisk frå blant anna Kalvåg, Måløy, Atløy og Askøy.

Domstein har og to fabrikkar i Sverige og er ein betydeleg leverandør av kjølt og fryst sjømat i dei nordiske marknadane. Konsernet har og eigarinteresser i fiskebåtreiarlaget Ervik Havfiske og fiskeeksportøren Nordic Group.

– Vi har sett oss ambisiøse mål for den norske sjømatmarknaden, og dei skal vi sørge for at vi når, seier Rolf Domstein, som understrekar at i den nye strategien ligg eit grunnleggande fokus på berekraft i verdikjeda, og spesielt vil linefisket framleis vere ein vesentleg del i tilbodet til så vel nordmenn som utanlandske forbrukarar.