Hopp til innhold

Ferjetrøbbel på Anda–Lote

Fjord1 har framleis ikkje funne feilen på ferja på Anda-Lote. Heile sambandet har vore innstilt i over tre timar.

Ferjetrøbbel på Anda - Lote

MOTORPROBLEM: Ferja MF Årdal har problem med hovudmotoren og ligg no ved kai på Lote.

Foto: Marianne Rotihaug

Dei fleste trafikantane som har kome til Lote har snudd og køyrd om Blakset til Stryn. Sambandet ventar framleis på ei reserveferje.

– Det er tekniske problem på ferja Årdal som går på Anda-Lote. Hovudmotoren har for høg temperatur, fortel Kjell Ove Høydal i Fjord1.

Det er førebels uklart kor lang tid det vil ta å ordne problema. Ferja ligg no ved kaia på Lote.

– Det kan gå veldig kjapt, eller så kan det vere meir alvorleg. Det veit vi førebels ikkje. Vi må undersøke dette først, seier Høydal.

Bjørn Harald Arnesen

SUR BESKJED: Bjørn Harald Arnesen har måtta skuffe mange bilistar med beskjeden om at ferja står.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

Like før klokka 13 seier regionleiar Tor Kristoffersen at dei no vurderer å setje inn reserveferje. Men dei har ikkje teke stilling til kva ferje dei eventuelt skal flytte på.

– Det er snakk om å omrokkere ferja frå Stårheim–Isane, eventuelt Måløy–Oldeide. Frå vi bestemmer oss, vil det ta om lag ein time, seier han.

– Dette er eit ferjesamband med stor trafikk. Er det mykje kø?

– Når ferja går som normalt, klarer ein å ta unna trafikken. Med ein gong ferja er innstilt, blir det fort køar. Folk bør vurdere om dei skal finne alternative køyreruter, seier han.

Bjørn Harald Arnesen er den som har fått den sure jobben med å fortelje dei vegfarande at dei ikkje kjem seg over fjorden med det første.

Dei fleste tek det med godt mot. Det er slikt som kan skje med maskineri, det kan stoppe opp, seier han.

Ein av dei som måtte ta den omvegen via Stryn var Silje Fossberg. Ho hadde vore på Eid og levert gods for Tollpost.

Det ser ut som vi må ta den lange vegen rundt i dag. Eg veit ikkje om eg orkar å sitte her i fleire timar, seier ho.

Kø på Lote ferjekai

KØ: Det står nokre bilar i kø på Lote, mange har valt å køyre andre ruter.

Foto: Mariannne Rotihaug