Hopp til innhold

Ferjetrøbbel kan i verste fall ende med kontraktsbrot

Statens vegvesen skuldar på Norled. Norled skuldar på verftet. Bilistane vert råka.

Ferjepassasjerar som skal over Sognefjorden er svært frusterte. Den nye batteridrivne ferja let vente på seg, og med berre to ferjer kan ventetida bli lang.

TV-sak frå Vestlandsrevyen: Frustrerte passasjerar på kaien, og Norled og Statens vegvesen sine forklaringar.

Fleire reisande NRK prata med i dag er frustrerte. Ampere, verdas første batteridrivne ferje, skulle ha vore i drift på sambandet Lavik-Oppedal frå 1. januar. Men jomfruturen med betalande bilar og passasjerar let vente på seg. Konsekvensen er at det ikkje går ferjer kvart tjuande minutt over Sognefjorden slik trafikantane var lova.

– Vi har varsla Norled om at vi kjem til å trekke dei for det talet turar dei ikkje klarar å gjennomføre etter kontrakten, seier seksjonssjef i Statens vegvesen Øyvind Haaland.

Forseinka levering av ferja

Selskapet Norled tok over etter Fjord1 ved nyttår, noko som mellom anna innebar at ei av dei tre ferjene som skal trafikkere sambandet frå nyttår skal vere driven med elektrisitet.

Øyvind Haaland

ØYVIND HAALAND: I vegvesenet

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

– Dei testar no ut ladesystema og fortøyingssystema, som er heilt spesielle. Ifølge Norled er håpet at vi så smått kan sette Ampere inn i rute frå neste helg, og fase ferja inn over tid, seier Haaland i vegvesenet.

Lars Jacob Engelsen

NORLED: Lars Jacob Engelsen

Foto: Norled

Seksjonssjefen understrekar at batteriferja er eit nybrottsarbeid, og at kontrakten difor opnar for at Norled kan ta Ampere ut av drift i inntil 90 dagar det første året. Neste helg vil halvparten av tida vere oppbrukt.

– Det er fordi leveringa frå verftet vart forseinka. Leveringsdato vart 23. januar. Tilpassingane av utstyret og testane var vi nøydde til å gjere ved kaiane og på sambandet, seier viseadministrerande direktør i Norled, Lars Jakob Engelsen.

Fleire problem

Norled understrekar at dei har auka frekvensen på dei to andre ferjene for å redusere ulempene for trafikantane, og at det er sett inn tre ferjer i helgene.

Men det finst fleire problem. Som avisa Firda fortalde i går, oppfyller ikkje ferja MF Stavanger dei krava som ligg i anbodet, og har ikkje den kapasiteten ho skulle hatt. Direktøren i Norled seier ingen har måtte stå att på kaien grunna problema.

Sjøfartsdirektoratet no skal gje tilbakemelding på nye prøvar av ferja som Norled har sendt inn, for å få sertifisert ferja.

– Vi har nokre punkt som gjer at vi ikkje er heilt tilfredse med det Stavanger klarar å handtere vektmessig, i forhold til den type fartøy Norled melde inn når vi inngjekk kontrakten, seier Haaland i vegvesenet.

– Er vi i nærleiken av kontraktbrot?

– Sjølvsagt finst det ein exitmoglegheit, men først skal vi i god dialog, og så skal vi sjå etter løysingar. Vi er langt, langt unna den type verkemiddel no, seier Haaland.