NRK Meny
Normal

Ferjetrafikken i gang igjen på E39

Ein øydelagd hydraulikkslange på ferjekaia i Lavik førte til full stans i ferjetrafikken på det mykje brukte E39-sambandet. No går ferjene som normalt igjen.

ferjekø oppedal

KØ PÅ OPPEDAL: Norled måtte innstille ferjesambandet Lavik-Oppedal etter at det oppstod tekniske problem med ferjelemmen på Lavik-sida.

Foto: NRK-tipsar

– Ferja vil bli innstilt i minst halvannan time framover, sa assisterande regionsjef i Norled, Lars Juvik, til NRK ved 13.30-tida tysdag.

I samband med service på ferjelemmen på Lavik-sida, rauk slangen som pumpar luft og olje for å halde brua oppe. Dermed forsvann lemmen ned i sjøen, og Norled hadde ikkje anna val enn å innstille ferjeavgangane førebels.

– Det vil samle seg opp ein del køar. Vi har vurdert om vi skulle gå til Rysjedalsvika, men der er det litt problem fordi det er skifta til eit anna system i Lavik enn det som er der, sa Juvik.

– Vi må jo berre stole på det vegvesenet seier, så det er jo for så vidt ein kurant jobb å skifte den slangen når den kjem på plass, sa Juvik.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast