NRK Meny
Normal

Ferjetilsette er uroa

Dei tilsette i Fjord 1 er uroa for framtida ombord i ferjene etter at selskapet tapte kampen om å ha det lågaste anbodet på å drive ferjene i indre Sogn.

Frå ferjekaien på Fodnes

 Tillitsvald for sjøoffiserane, Leiv Morten Nordgulen, likar ikkje uvissa kring framtida.

- Det er ikkje kjekt å ikkje vite om du har jobb når dei andre tek over. Det er ikkje automatikk i det.

Håpar på jobb i det nye selskapet

Tapet av kontraktane kan føre til at omlag 90 Fjord 1-tilsette misser jobben. Men Nordgulen håpar dei som eventuelt må gå vil få tilbod om jobb i det nye selskapet.

- Det selskapet som skal ta over er og avhengige av å ha folk, og det er ein stor fordel å ha tilsette med lokal tilknyting. Når det gjeld sjukdom og slike ting så er det mykje snarare å få fat i ein kar som bur to kilometer frå kaia enn ein som bur 50 mil borte.

Underskot på sjøfolk

- Er det tru eller håp det at dei tilsette som arbeider der i dag skal få jobb i det nye selskapet?

- Det er vel ein kombinasjon av tru og håp. Men det er underskot på sjøfolk, så er kjenner meg litt trygg på at flesteparten skal få seg jobb i det nye selskapet.

 

Det utanlandske selskapet Veolia leverte måndagdet lågaste anbodet i kampen om viktige ferjesamband i Indre Sogn.

For konsernsjef i Fjord1, Olav Smørdal, skjer dette på eit svært upassasnde tidspunkt, for Fjord1 har akkurat tapt kampen om fem viktige samband i Møre og Romsdal.

- Har vunne den største

 

Konsernsjef Olav Smørdal
Foto: Fjord1

 

 

- Det er klart at dette representerer stor produksjon, men så må vi ikkje gløyme oppi alt dette at vi på den andre sida har vunne den desidert største kontrakten som har vore ute i marknaden, i Hordaland og Rogaland, vi har vunne ein kontrakt i Finnmark og ein i ytre Romsdal.

Indrefileten tapt

Det er blitt tøft og uoversiktleg å vere ferjeoperatør. Måndag måtte Fjord1 Fylkesbaatane vedgå at dei ikkje hadde lågaste anbodet i kampen om viktige ferjesamband i Indre Sogn. Anbodet gjeld strekninga Mannheller - Fodnes og Hella - Dragsvik - Vangsnes. Dermed kan dei no vere i ferd med å tape sjølve indrefileten i sin eigen heimemarknad, der særleg sambandet Mannheller - Fodnes er svært attraktivt.

Veolia har det beste anbodet

Og dette er sjølvsagt grunnen til at Kjetil Førsvoll, konsernsjef i Veolia Transport Norge, nettopp kastar seg inn i kampen om denne strekninga. Konsernet, som har samarbeidspartnerar i Helgelandske og Finnmark Fylkesrederi, har levert det beste anbodet i Indre Sogn og satsar på å vinne kontrakter her sør.

- Det er ei høgt frekventert rute som det er attraktivt for fleire reiarlag, så difor har vi lagt inn anbod på Mannheller - Fodnes.

Andre tapet på heimebane

For konsernsjef i Fjord1, Olav Smørdal, er dette det andre tapet på heimebane. Dei viktige sambanda på Sunnmøre tapte Fjord1 til Nor-ferjer, eit samarbeidsprosjekt mellom HSD og Stavangerske. Dermed har ein den paradoksale situasjonen at Fjord1 taper kontraktar til HSD på heimebane, medan dei vinn kontraktar i HSD sitt kjerneområde. På same vis vinn Fjord1 kontraktar i Finnmark, medan dei ligg an til å tape kontraktar til blant andre Finnmark Fylkesrederi i Sogn.

- Fjord1 må tene pengar

- Vi må konstatere at det er den minste sak å vinne eit anbod dersom vi berre prisar oss låg nok. Vår føresetnad er sjølvsagt at vi ikkje kan vinne anbod sjølv på heimebane til ein kvar pris, vi er nøydde til å ha eit forretningsmessig innhald i dette som gjer at vi kan leve med desse lange kontraktane, i dette tilfellet i åtte år, og sitte att med ei krone eller to i forteneste.

For store sjansar?

Det store spørsmålet er om selskapa tek for store sjansar når dei kastar seg inn i kampen om anbod.

- Konkurransen er hard, og dei erfaringane vi har gjort oss så langt er generelt at aktørane er viljuge til å gå langt i å prise seg lågt på desse risikofylte kontraktane.

- No kjem kvardagen

Men for Fjord1 Fylkesbaatane er det også tankevekkjande at dei ligg an til å tape i det som er deira viktigaste forretningsområde. Fylkesbaatane har brent seg kraftig på fiaskoengasjement som danskebåten Fjord Line og hurtigbåtdrift i Chile. Med halen mellom beina trekte dei seg ut og proklamerte at satsinga no skulle vere på det dei kan best, nemleg ferjedrift.

- Denne konkurransen har vi vore førebudde på i lang tid, men no kjem kvardagen, og vi må leve med den. Vi håpar sjølvsagt over lengre tid å vinne meir enn vi taper, slik at Fjord1 er eit aktivt og utviklande selskap, seier administrerande direktør i Fjord1 Fylkesbaatane, Stig Kristoffersen.

 

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy