Hopp til innhold

No går ferja som normalt etter brannen

Verdiar for kring 800.000 kroner gjekk tapt under brannen på ferjekaien på Krakhella i Solund. No skal ferjesambandet gå som normalt.

Brann på ferjekaien på Krakhella.

SOM NORMALT: Ferjekaien på Krakhella er i drift att etter brannen onsdag.

Foto: Randi Cecilie Odéen

Statens vegvesen melder like over klokka 21 at ferjesambandet Rutledal - Krakhella igjen går som normalt.

Kaien har vore stengd i fleire timar onsdag grunna brann i heishuset på kaien.

– Det var ikkje ytterlegare skade som hindra oss i å kople opp beredskapsaggregatet. No skal ferja kunne leggje til som normalt, seier Audun Borlaug, prosjektleiar for vedlikehaldet av ferjekaiene hos Statens vegvesen.

Uviss brannårsak

Brannen vart meldt klokka 1419, men var sløkt ein times tid seinare. Heishuset vart totalskadd i brannen. Ein frykta ein periode at ein tank med fleire hundre liter hydraulikkolje kunne gå i lufta.

(Artikkelen held fram under videoen)

Heishuset på Krakhella ferjekai gjekk opp i flammar onsdag ettermiddag.

SJÅ: Flammane sluker heishuset på Krakhella ferjekai: (FOTO: ANNA KRAKHELLEN)

Borlaug seier beredskapsaggregatet vil stå til heishuset er bygt opp att.

– Eg reknar med at entreprenøren vil kaste seg rundt om den får oppdraget, og då går det fort eitt par månader. Det må byggast nytt hus, ein må skaffe til veges nytt aggregat, styrereiskap og det elektriske, seier han.

– Kor mykje verdiar reknar de med gjekk tapt i brannen?

– Eit nytt aggregat kostar kring 600.000 kroner, så vi snakkar truleg om nærare 800.000 kroner med alt.

Politiet har onsdag vore på staden, men det er førebels uvisst kvifor brannen starta.

Ferjesambandet Krakhella - Rutledal vart onsdag ettermiddag sett ut av spel etter at det byrja å brenne i heishuset ved kaien på Krakhella.

SJÅ VIDEOEN: Flammane forsynte seg grovt av heishuset ved ferjekaien på Krakhella i Solund. FOTO/REDIGERING: Randi Cecilie Odéen/Steinar Lote (NRK)