Hopp til innhold

Ferjer som normalt

Ferjetrafikken i fylket går no som normalt etter at streiken vart avblåst onsdag kveld.

Lavik ferjekai
Foto: Stian Sjursen / NRK

Streiken som varde i 11 dagar, råka trafikken på Lavik-Oppedal, Mannheller-Fodnes, turistferja på Nærøyfjorden, samt snøggbåten Bergen-Selje-Bergen.

Onsdag ettermiddag og kveld var der lange køar, spesielt i Oppedal på E39, men frå torsdag går alle ruter som normalt.

Det var eit nytt tilbod frå Rederienes Landsforening ved 14-tida onsdag som la grunnlaget for semja.

Ved 22-tida var det klart at partane hadde nådd fram til ei løysning som begge foreiningane kunne godta.

- Vi er rimeleg godt fornøgde med løysinga som vi har fått til i fellesskap, seier forhandlingsleiar for sjøoffiserane, Asbjørn Furnes, til NTB.