Hopp til innhold

Ferjeproblem heilt til nyttår

Ferja Ampere på sambandet Lavik–Oppedal har hatt ein del tekniske problem i haust. – Dette kjem ikkje til å bli retta opp før etter nyttår, seier Norled.

Batterifergen Ampere

FLEIRE KANSELLERINGAR: Den elektriske ferja Ampere som går mellom Lavik og Oppedal har i haust hatt fleire kanselleringar grunna batterikapasiteten.

Foto: Norled

– Diverre ser det ut til at folk må belage seg på å vente, seier Inge Andre Utåker som er regionssjef i Norled.

Inge Andre Utåker er regionsjef i Norled

BEKLAGAR: Utåker seier Norled ikkje kan gjere noko med kanselleringar av avgangar før nyttår.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

I haust har ein ofte kome beskjed om at ferja var forseinka eller måtte stå over ein runde. Det er grunna uvêr og dårlege batteri, meiner Norled.

– Me kan ikkje gjere noko med dette no, men planen er å utvide batterikapasiteten under den årlege sjekken i januar, seier Utåker.

Det er sterk vind som fører til trøbbel og kanselleringar.

Utåker fortel at Ampere nyttar meir straum på veg over fjorden enn dei greier å lade opp medan dei ligg til kai.

– Difor må ferja av og til stå over ein overgang for å lade batteria, seier Utåker.

Har ikkje brote kontrakten

– Norled har ikkje brote deira kontrakt med oss, seier Trygve Haram, rådgjevar i Statens vegvesen.

I følgje ruteplanen og kontrakten med Norled skal det vere 20 minutt mellom kvar avgang på dagtid i vekedagane. Dei dagane Ampere har hatt problem, har Norled ikkje møtt desse krava.

– Det er driftsavbrot i alle våre kontraktar, men det er ikkje kontraktbrot likevel, fortel Haram.

Norled kan møte økonomiske sanksjonar, men Statens vegvesen har enno ikkje nytta seg av dette, fortel Haram.

Ferjeselskapet kjem til å halde fram med å kansellere avgangar heilt fram til nyttår, men Statens vegvesen kjem ikkje til å stille nye krav.

Ampere slit med ladinga

TILBAKE: Etter nyttår skal Ampere tilbake i drift med nye batteri.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Normal drift etter nyttår

I januar skal ferja Ampere takast ut av drift for å få service og utbetre problema.

– Medan Ampere bytar batteri, skal ei reserveferje overta. Utbetringa kjem til å ta to til tre veker, seier Utåker.

Rutene kjem til å vere like heile perioden, seier Norled.