Hopp til innhold

Her går ferjene i eitt

På grunn av stenginga av E16 på Voss går ferjene på Vangsnes-Hella-Dragsvik kontinuerleg for å ta unna trafikken.

Kø på ferjekaia Hella

KØ: På ferjekaien på Hella har det danna seg kø på grunn av mange reisande.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Det har danna seg noko kø. Men no går ferja MS «Dalsfjord» kontinuerleg mellom Hella og Dragsvik. Dei to andre går mellom Hella og Vangsnes for å ta unna, seier operatør ved Vegtrafikksentralen, Roger Nedberge Hille.

E16 på Voss vart stengd tidlegare i dag på grunn av store vassmengder, og vert ikkje opna før måndag føremiddag.

Må køyre rundt

Det betyr oppmot tre timars omkøyring via anten riksveg 13 over Vikafjellet, E39 eller riksveg 7 over Hardangervidda.

Store nedbørsmengder og snøsmelting har ført til at Meteorologisk Institutt har sendt ut OBS-varsel for Vestlandet. Og NVE har søndag og natt til måndag varsla flaum på oransje nivå i Hordaland.

Ved Vegtrafikksentralen merkar dei stor pågang frå reisande.

– Det vart fort kø på sambandet, og folk lurte på når ferjene kom. Men no når ferjene går i eitt, hjelper det på, seier Hille.

Tek unna det dei kan

Driftsvakt ved Fjord1, Bjørn Arild Sekkenes, stadfestar at ferjene gjer det dei kan for å ta unna trafikken.

– Dei byrjar å få kontroll på det no. Den eine ferja går fram til klokka 21, då har dei brukt opp tida si. Men vi trur det roar seg til dess. Det hjelpte mykje når vi sette ei ferje inn på å gå berre mellom Hella og Dragsvik, seier Sekkenes.