Hopp til innhold

Ferjekrøll på trekantsamband i Sogn

Det er uvisst når trekantsambandet Dragsvik – Hella – Vangsnes er oppe å gå att som normalt.

Ferje Vangsnes

EI FERJE: Ferjesambandet i Balestrand-sektoren blir trafikkert med ei ferje i morgontimane fredag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Trekantsambandet har i morgontimane vore trafikkert av ei ferje, MF «Ivar Aasen».

MF «Gulen» ligg til kai ved Vangsnes med tekniske problem.

– Vi søker hjelpemotorane for feil, men treng folk om bord for å sjå på det. Elektrikaren er på veg, seier operativ leiar i Fjord1, Christine Hammersvik.

Følgjer kriserute

Hammersvik forsikrar at dei jobbar på for å få ferja i drift att så snart som råd. Ho kan førebels ikkje seie når begge sambandet er oppe å gå att.

Førebels følgjer MF «Ivar Aasen» kriseruta for sambandet.

– Det blir litt hektisk no ein periode sidan ein del pendlarar skal på jobb. Nokre må rygge, nokre må køyre, så det tek litt tid å få folk både på land og om bord, seier kaptein Harald Hanekam.

Ti minuttar etter ruta

Ferja ligg kring ti minuttar etter oppsett rute.

– Reisande må bu seg på at det tek litt meir tid den neste timen, men så vil det normalisere seg før det blir noko hektisk att seinare på dagen, seier Hanekam.