Hopp til innhold

I tre timar låg ferja midtfjords med 15 passasjerar

I over tre timar låg ferja Oppedal midtfjords mellom Lavik og Oppedal. – Brått vart vinden ekstra ille, opplyser Norled.

Ferje værfast på Sognefjorden

VÊRFASTE: I over tre timar måtte sju passasjerar og mannskapet på sju-åtte personar vente midtfjords på Sognefjorden.

Foto: NRK.no-tipsar

Ferja på Sognefjorden måtte gje tapt i 1830-tida. Då var det ikkje forsvarleg å legge til kai ved Lavik.

I 22-tida var ferja komen til kai i Lavik.

– Det vart dårlegare utover ettermiddagen, men då Oppedal gjekk mot Lavik vart vinden så kraftig at kapteinen valde å gå ut att på fjorden og vente på betre forhold, opplyste regionsjef for ferjer, Inge Andre Utåker.

Om bord var sju passasjerar og eit mannskap på sju-åtte personar. Ferja låg i tre timar midtfjords og styrte mot vinden for å ligge mest mogleg i ro.

Sambandet på E39 er ikkje det einaste som vart innstilt i den kraftige vinden.

– Dei har det greitt om bord. Det er ingen dramatikk. Dei har fått tilbod om mat, fortalde Utåker og la til at det på Oppedal var heilt mørkt på grunn av straumbrot.

– Der er det ikkje noko lys, som gjer det vanskeleg å legge til der, sa Utåker.

– Når trur du at det er mogleg å leggje til kai?

– Det er ikkje godt å seie, men kapteinen fortel at det er i ferd å løye. Samstundes er det ikkje så lenge sidan dei hadde orkan på vindmålaren.

Lavik ferjekai

MIDTFJORDS: Ferja Oppedal låg midtfjords med 15 personar om bord.

Foto: Torunn Styve