Hopp til innhold

MF «Sognefjord» krasja i ferjekaien på Fure

Ferja MF «Sognefjord» krasja i morgontimane med ferjekaien på Fure. Sambandet er mellombels innstilt.

MF Sognefjord

SKADE: MF «Sognefjord» har trafikkert ferjesambandet Askvoll–Fure–Værlandet medan MF «Nordfjord» er på verkstad.

Foto: Eirik Johnsen / NRK

Etter det NRK kjenner til var det tre passasjerar om bord då samanstøyten skjedde. Ingen personar skal ha kome til skade.

Både fartøy og ferjelem fekk så store skader at ferja returnerte til Askvoll for å sleppe passasjerane av. Fjord1 prøver no å setje opp passasjerbåtrute på sambandet.

– Ferja har hatt eit litt hardt tillegg til ferjekaien på Fure som har gjort at ferja fekk ein liten skade der ferjebrua legg til. Den må reparerast. I tillegg har vi fått ein liten skade som må reparerast, seier regionleiar Tor Kristoffersen til NRK.

Sognefjord trafikkerer sambandet medan ferja Nordfjord er på verkstad. Kristoffersen seier at det førebels er uklart kvifor ferja la så hardt til kaien. Det som er sikkert, er at vêrforholda ikkje var krevjande.

Fjord1 har ikkje reserveferje tilgjengeleg i nærleiken, men ser på alternative løysingar. Det er uvisst kor lenge ferjesambandet blir ute av drift.

Eit alternativ er å setje MF «Nordfjord» inn att i rute i løpet av dagen.

– Vi jobbar med med å få sett inn ein passasjerbåt, slik at vi får henta folk som skal til land frå Værlandet, men også å frakte folk til og frå Fure med passasjerbåt, seier Kristoffersen.

Han håpar ei slik ordning kjem raskt på plass, men vil ikkje spekulere i når.

– Slik eg oppfatta det, er folk på Værlandet henta med båt, slik at dei har kome seg av garde. No handlar det om å etablere eit meir fast rutemønster på kort sikt til vi får oversikt over skadeomfanget. Det er litt arbeid med å få oversikt over totaliteten, seier Kristoffersen.

Like over klokka 08 opplyser Fjord1 at det er sett inn ein passasjerbåt mellom Askvoll og Værlandet, og at denne skal følgje rutetabellen.