Hopp til innhold

Fekk tekniske problem og køyrde rett i fjæresteinane

Ferja køyrde heilt opp i fjæresteinane etter å ha fått tekniske problem då den skulle legge til kai.

Ferje på land

PÅ GRUNN: Det var ei solid grunnstøyting ved Dragsvik.

Foto: NRK-tipsar

Ferja mellom Dragsvik- Hella – Vangsnes i Sogn køyrde på land etter å ha fått tekniske problem. Ferjesambandet var i morgontimane innstilt ein periode, men no er den eine ferja sett inn slik at det er trafikk på ferjesambandet.

Det var firda.no som først skreiv om saka.

– Ferja MF Lærdal fekk tekniske problem på veg inn til ferjekaia på Dragsvik og dermed køyrde den på land. Men den hadde heldigvis liten fart då det skjedde, seier regionsjef i Fjord1, Tor Kristoffersen.

Ferje på grunn

På GRUNN: Ferja måtte ha hjelp for å komme seg laus frå fjæresteinane.

Foto: NRK-tipsar

Ferja dreiv på land, men trass i at farten var låg måtte ho få hjelp til å komme seg laus.

– Vi måtte få den andre ferja på sambandet til å dra den laus, og det tok litt tid.

To passasjerar og fem mannskap

No blir det jobba med å få på plass ei ekstra ferje i sambandet. Det var to passasjerar om bord og eit mannskap på fem.

– Eg trur det gjekk bra med alle. Det var ikkje noko dramatikk rundt grunnstøytinga, seier Kristoffersen.

Ferja ligg til kai i Dragsvik og Fjord1 jobbar også med å få kartlagt skadane på ferja.

– Vi må ha dykkar på plass for å få oversikt over skaden på undersida av ferja. Så må vi få på plass ei ferje til i sambandet. Det ligg ei reserveferje i området som er tilgjengeleg berre vi får på plass mannskap.

Dragsvik