Hopp til innhold

Ferje har tekniske problem

Ferja mellom Askvoll og Gjervik på Atløy ligg no midtfjords utan framdrift. Fjord1 stadfester at ferja har tekniske problem, men det skal ikkje vere dramatikk verken med tanke på materiell eller folk. Augevitne fortel til NRK at det er 16 bilar og mykje folk om bord. Ferja skulle vore til kai i Askvoll 08.45, men driv no mot Atløy att.