NRK Meny
Normal

Ferje hang fast i kaien på Dragsvik

Ferjesambandet Dragsvik-Hella-Vangsnes gjekk fredag ettermiddag og tidleg kveld med redusert kapasitet.

Kø på ferjekaia Hella

KØ: Dei reisande på trekantsambandet Dragsvik-Hella-Vangsnes måtte vente ekstra lenge fredag ettermiddag og kveld.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Vegtrafikksentralen kunne fredag ettermiddag fortelje at årsaka til problema var at ei ferje hang fast i kaien på Dragsvik.

Fjord1 opplyste sjølve på si nettside at dei hadde problem med ei ferjebru, slik at fleire avgangar vart innstilt inntil vidare. Det var ferja MF «Dalsfjord» sette seg fast rundt klokka 15 fredag ettermiddag.

Problema på ferjesambandet forplanta seg for reisande som skulle til og frå Høyanger. Der er Høyangertunnelen stengd i samband med opprusting, med få opningar i døgnet. Det er ope for gjennomkøyring klokka 18.10, og deretter først klokka 21.45.

Like før klokka 19 opplyste Vegtrafikksentralen at bilistane som kom til Høyangertunnelen samtidig med bussen ville få sleppe gjennom.

Fjord1 opplyste til NRK.no like før klokka 18 at det vart jobba med å rette feilen.

– Det er problem med hevinga og senkinga på køyrebrua. Vi har ein elektrikar på plass som driv med feilsøking, sa driftsvakt Bjørn Arild Sekkenes til NRK.no.

Det er to kaier på Dragsvik, så den andre ferja på sambandet MF «Selje» gjekk kontinuerleg på sambandet medan MF «Dalfjord» låg fast. Etter det Fjord1 erfarte i 18-tida hadde dei ikkje hopa seg opp svært mykje bilar.

Men vi veit at dette medfører ulemper for våre reisande, og det beklagar vi, sa Sekkenes.

Det skal normalt gå to ferjer i sambandet fram til klokka 20.50.

Fjord1 opplyste i 19-tida fredag kveld at sambandet gjekk som normalt igjen.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.