SISTE: – Klokka 12 i morgon kjem ei ekstra ferje for å auke kapasiteten, seier rådgjevar, Kai Johnny Bugjerde i Statens vegvesen. Dei trur ikkje vegen ved Utvik opnar att denne veka og no ferjekøane fleire kilometer lange.
Den ekstra ferja kjem i drift klokka 12 i morgon, og vil køyre i skytteltrafikk dei neste dagane så lenge det er behov for det, ifølge Bugjerde.
Køane er mange kilometer lange og frå Anda må ein rekne med to og ein halv time før ein kjem om bord på ferja. MF Årdal kjem til å gå også etter midnatt i dag. Vanlegvis går den siste ferja rundt klokka tolv.
– Det blir nesten samanhengande køyring heilt til køane løyser seg, seier skipsførar, Ole Kristian Hauge på «MF» Årdal.
– Vi har ingen indikasjonar på at køane har blitt noko mindre, seier Hauge.
Ein innringjar melde i 19-tida at køen no står forbi Sandane lufthamn og til Andenes. Det er om lag fire kilometer med kø. Frå Lote er det om lag ein times ventetid. Det seier mannskapet om bord på «MF» Årdal som går på sambandet.
Lenge til vegane kan opne
– Det vil ta dagevis og det er særs lite truleg at vegen opnar att denne veka. To bruer er vekk og vegen har fått store skadar, seier Kai Jonny Bugjerde i Statens vegvesen.
For etter kraftig regnvêr i natt ser Utvik ut som eit katastrofeområde. Storelva som går gjennom Utvik sentrum har gått langt over sine breidder og tatt med seg store stykke av vegen nedover på fjorden.
Det betyr at Utvikfjellet er stengt og midt i høgsesongen for turisme er det mange bilar som nyttar denne strekninga til turistmål som Loen og Olden. Det einaste alternativet for å koma seg til stadar som Stryn, Olden og Loen sørfrå; å køyra nordover langs E39 og følge ta fylkesveg 15 frå Nordfjordeid. På ferjesambandet Anda-Lote er det fleire kilometer lange køar måndag kveld.
- Står du i køen? Send oss gjerne eit bilde på sf@nrk.no.
- Les også:
- Les også:
SJÅ FLEIRE BILDE HER:
Førebels er det berre ei ferje på sambandet som vil køyre utover natta for å få løyst opp i dei lange køane.
Transportnæringa kravde at det skulle bli sett inn ekstra ferje fram til fylkesveg 60 er opna att. I morgon kjem forsterkingane.
– Dette vil berre auke og bli verre og verre dei neste dagane. Det er mange som er økonomisk avhengig av desse vegane og då må ein ikkje venta for lenge før ein gjer noko, seier Rolf Olav Tenden, leiar i Tor Tenden Transport og fylkesleiar i lastebileigarforbundet.
Fredag og søndag var det om lag ein times ventetid på ferjesambandet, grunna tusenvis av tilreisande til Malakoff-festivalen.
– Dette er Malakoff gonger to. No er det fullt trykk frå begge sider og det er mange turistbussar. På Anda er det om lag halvannan times ventetid, medan det på Lote er ein halvtime, seier skipsførar på «MF» Årdal som går på ferjesambandet Anda-Lote.