Hopp til innhold

Ferja kan forsvinne

I framtida kan det bli slutt på bilferje og berre passasjerbåt mellom Solvorn og Ornes i Luster.

Solvorn med ferje frå Ornes

BILFERJE I FARE: I det nye anbodet blir det lyst etter ferje eller passasjerbåt.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Det primære er jo sjølvsagt å få vidareført eit ferjetilbod, men i alle fall reint teoretisk så er passasjerbåt også eit alternativ for å få løyst dei behova vi har. Det seier Jarle Skartun som er rådmann i Luster.

I dag blir sambandet trafikkert med bilferje, men når kommunen no skal hente inn nytt anbod på ferjesambandet for perioden 2015 til 2021, blir det lyst etter bilferje eller passasjerbåt.

Viss det vert personbåt,so vil det seie at ALLE på Ornes må skaffa seg 2 bilar,ha ein ståande i Solvorn og ha ein heime, dette er det jo ikkje alle som har råd tid... Tenke dei ikkje på det heller?!

På sosiale medium gir fleire lustringar uttrykk for frykt og uvisse for å miste bilferja. Ei av dei er Rakel Optun Skagen.

Må ha to bilar

– Eg trur ikkje dei har tenkt nøye gjennom dette. Det kjem til å bli svært tungvindt for oss som bur på Ornes.

Dersom dagens bilferje blir bytt ut med passasjerbåt meiner ho det vil at dei som bur på Ornes i framtida må ha to bilar, ein på kvar side av fjorden.

– Det er det jo ikkje alle som har råd til. I tillegg er eg ikkje sikker på om det er parkeringsplassar nok i Solvorn heller.

Rådmann Jarle Skartun seier dei helst ønskjer å vidareføre dagens tilbod med bilferje, men at dei går breitt ut når dei no hentar inn anbod.

Jarle Skartun

FERJE ELLER PASSASJERBÅT?: Rådmann i Luster, Jarle Skartun, Opnar for at ferjesambandet Solvorn–Ornes i framtida kan trafikkerast med berre passasjerbåt.

Foto: NRK

–Det er jo slik at mange av dei behova vi har i dag, til dømes forpliktingane vi har som har i forhold til skule og barnehage, vil jo og kunne dekkast gjennom ein passasjerbåt.

Vegsamband rundt fjorden

Han peikar på at det er vegsamband rundt fjorden, sjølv om det blir mykje lenger i kilometer. Så reint teoretisk kan transportbehovet løysast med passasjerbåt.

– Difor har vi ynskt å ha det med i anbodsrunden for å sjå om kanskje interessa for levere inn anbod kan vere større, og at vi kan få eit konkurranseelement inn i dette anbodet.

(SAKA HELD FRAM UNDER BILETET)

Rakel Optun Skagen og Jon Inge Skagen

FRYKTAR Å MISTE FERJA: Rakel Optun Skagen med Johanna (4 mnd) og Jon Inge Skagen med Henning (3 år).

Foto: Privat

Dersom det i framtida berre skulle bli passasjerbåt fryktar Optun Skagen at det vil føre til fråflytting på Ornes.

– Det blir svært tungvindt å bu her. Om sommaren kan ein nok køyre rundt fjorden, men om vinteren er det ofte rasfare.

Fryktar skred

– Om vinteren er det ofte slik at eg rett og slett ikkje torer å ta familien med i bilen og køyre sørsida, skyt ektemannen Jon Inge Skagen inn.

– For nokre år sidan var vegen stengd i fleire veker på grunn av ras. Hadde vi då hatt bilen på Ornes hadde det ikkje vore mykje hjelp i passasjerbåten, for det går ikkje akkurat så mange bussar på andre sida.

Ekteparet driv ein fruktgard på Ornes og er avhengige av å få køyrt varer til og frå garden. Med den standarden som er på vegen på sørsida vil eit tap av ferja by på store utfordringar.

– Fruktbilen som køyrer her i dag er så stor at det er vanskeleg å kome fram på sørsida. Det vil dessutan bety ein omveg på mange timar, samanlikna med dagens ferje, seier Skagen.