Hopp til innhold

Ferja går i kriserute tysdag og onsdag

På grunn av vedlikehaldsarbeid vil ferja på riksveg 5 gå i kriserute mellom Mannheller og Lærdal tysdag og onsdag denne veka.

Fodnes ferjekai

FODNES KAI: Ferjestrekninga vil gå i kriserute to dagar denne veka.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Vi må gjere heilt nødvendig vedlikehald av ferjepiren på Fodnes, og desse to dagane må ferja difor gå mellom Mannheller og Lærdal. Dette betyr nokre færre avgangar og lengre overfart, seier Audun Borlaug, byggeleiar på bru- og ferjekaivedlikehald i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Tysdag 10. januar og onsdag 11. januar går ferja i kriserute:

  • Frå Mannheller: 09:00, 09:45, 10:30, 11:15, 12:00, 12:45, 13:30, 14:15, 15:00, 15:45, 16:30
  • Frå Lærdal: 09:45, 10:30, 11:15, 12:00, 12:45, 13:30, 14:15, 15:00, 15:45, 16:30, 17:15

– Vi legg opp til at arbeidet på ferjekaia startar etter klokka ni på morgonen, og at ferja går i normal rute fram til då slik at folk kjem seg på jobb og skule, seier byggeleiar Audun Borlaug i pressemeldinga.

Arbeidet vert utført på dagtid, og ferja går difor som normalt på kveld og natt.