Fengsla i fire veker etter tjuveri-raid

To menn er varetektsfengsla i fire veker etter mange innbrot og tjuveri i Førde.

Dag Fiske

OPPKLARA: Regionlensmann Dag Fiske reknar serien med tjuveri og innbrot i Førde som oppklara.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Den siste tida har politiet fått mange meldingar om tjuveri og innbrot, både i privathus og forretningar. Det er også stole gjenstandar frå buer, garasjar og bilar.

Tysdag blei to personar pågripne. Torsdag blei begge varetektsfengsla i fire veker.

– Vi hadde ransaking heime hos to menn, og det blei funne ein del tjuvegods som kan knytast opp mot forhold som har blitt avdekt i det siste, seier lensmann Dag Fiske i Sunnfjord.

Kjenningar av politiet

Mennene som er i 30- og 50-årsalderen, er heimehøyrande i regionen. Fiske omtalar dei som kjenningar av politiet.

Dei er sikta for fem grove tjuveri, der to er frå forretningar og tre frå privathus. I tillegg har det blitt stole omfattande mengder frå buer, garasjar og butikkar.

– Hos bedriftene har dei brote seg inn ved å ta ut ruter. I privatbustadane har dei gått inn gjennom opne dører og vindauge. Dette blir rekna som grovt tjuveri sidan det er i private bustadar.

Fiske seier det er store mengder som er stole.

– Dei har teke elektroniske gjenstandar, PC-ar, skrivarar, smykke, klede, lommebøker – det meste som er laust.

Tjuvgods

TJUVGODS: To personar blei tysdag pågripne for tjuveri. Dei har mellom anna store smykke og sølvtøy.

Foto: POLITIET

Trur det roar seg ned

Politiet trur tjuveria har skjedd i vinnings hensikt for å skaffe seg betre økonomi ved å selje tjuvegodset vidare. Pågripinga skjedde etter at politiet har hatt dei i kikkerten ei stund.

– Vi har fått informasjon gjennom vitneobservasjonar, video og ransakingar. Dei har også blitt pågripne tidlegare i haust i samband med liknande saker.

Fiske seier at Sunnfjord har hatt lite av denne type innbrot. Han trur ikkje fleire er innblanda i denne saka.

Tjuvgods

TJUVGODS: To personar blei tysdag pågripne og sikta for fem grove tjuveri. Dei har mellom anna teke smykke, elektroniske gjenstandar og pc-ar.

Foto: POLITIET

– Det vil truleg vil roe seg kraftig ned når dei to mennene er varetektsfengsla.

Men han har likevel eit godt råd til oss alle.

– Det er viktig å låse både buer og bilar og ikkje la verdigjenstandar liggje lett synleg, oppmodar han.