I alle fire vekene er han ilagt brev- og besøkskontroll. Dermed fekk politiet fullt medhald i si begjæring i Bergen tingrett torsdag. Den sikta 30-åringen sin forsvarar, Fredrik Verling, ba i retten om at klienten skulle sleppast fri.
– Eg ber om at han blir lauslaten fordi vilkåra for varetektsfengsling etter mi meining ikkje er innfridd. Det er eit tema om han kan øydeleggje bevis, påverke vitner og unndra seg rettsforfølgjing om han vert sleppt ut. Det legg eg grunn at han ikkje vil gjere, sa Verling til NTB før rettsavgjerda var klar.
Dette var aktor, politiinspektør Sidsel Isachsen, usamd i.
– Vi meiner det er fare for at han skal påverke vitner og tilpasse forklaringa si om han vert sleppt ut no. Det er også nærliggande fare for at blir vekk om han ikkje vert halden i varetekt, sa Isachsen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
30-åringen var torsdag føremiddag i så dårleg form at han ikkje kunne møte til fengslingsmøtet i Bergen. Han er så langt ikkje avhøyrd, men politiet jobbar for at det skal skje så snart som råd er.
Asylsøkjaren frå Sør-Sudan tok måndag kveld brutalt livet av tre menneske ombord i Valdresekspressen. Ei ung jente frå Årdastangen og to menn i 50-åra frå Valdres og Sverige.
(©NTB)