Det var ikkje første gong 26-åringen sto framfor ein dommar, han er trass sin unge alder straffedømt fire gonger før. Då som no handla det om narkotika. Denne gongen tilstod mannen for Fjordane tingrett å ha kjøpt og brukt narkotika 21 gonger dei siste to åra, heroin, rohypnol, hasj, cannabis og Subutex-tablettar.
Retten dømde sunnfjordingen til fengsel i 120 dagar, der 90 av dei er på vilkår med ei prøvetid på tre år.