Hopp til innhold

Fengsel for fartsoverskriding

Ein mann i 30-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til fengsel i 60 dagar. Mannen, som er busett på Austlandet, gav opp feil namn og fekk ein annan sikta i saka då han for to år sidan vart målt til 86 km/t i ei 50-sone i Gloppen. Mannen hadde heller ikkje førarkort.