NRK Meny
Normal

Fengsel for banktjuv

Mannen som er sikta for innbrota i Sparebanken Sogn og Fjordane sine avdelingar i Naustdal, Bygstad og Førde er varetektsfengsla i fire veker.

Sparebanken Sogn og Fjordane sitt hovudkontor i Førde.
Foto: Øystein Windstad / NRK

- Mannen har vedgått det han er sikta for og godtek varetektsfengsling, seier politioverbetjent Jan Egil Tvinde.

Mannen som er i 40-åra er ein gammal kjenning av politiet.

Stal myntar

Natt til fredag var det innbrot i bankfilialen i Bygstad, og natt til søndag skjedde det same i Sparebanken Sogn og Fjordane sine avdelingar i Naustdal og Førde. Dei to innbrota skjedde med berre ein halv times mellomrom. Begge stadar braut tjuvane opp vindauge for å kome seg inn. Men for tjuvane vart utbyttet heller magert.

- Dei fekk berre med seg mindre summar i myntar, seier Tvinde.

To kompanjongar

Men politiet kome rask på sporet av mannen i 40-åra og dei to kvinnlege kompanjongane hans. For dei to kvinnene er det ikkje aktuelt å krevje varetektsfengsling.

- Dei er no avhøyrde og vil verte sleppte fri i løpet av ettermiddag. Dei har ikkje hatt så sentral rolle i det som har skjedd, seier Tvinde måndag ettermiddag.

Vegopning på Bergum i Førde kommune