Må fem månader i fengsel for nyttårsvald mot gravid kone

Nyttårsfeiringa skulle vere eit hyggjeleg lag med familiebesøk, men enda i både krangel, vald og knekt nase.

Fjordane tingrett

ILLUSTRASJON: Ekteparet forklarte seg likt om hendingsforlaupet under rettssaka mot mannen. Retten festa ikkje lit til denne og dømde mannen til fengsel i fem månader for vald mot kona.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK
Oddleif Løseth
Journalist

Ein mann i 40-åra er i Fjordane tingrett dømd for vald mot si gravide kone, og for å ha motsett seg arrestasjon og trua ein polititenestemann.

Med unntak av valden mot ektefellen, erkjende mannen straffskuld.

Krangla om utruskap

Det var sist nyttårssaft at hendinga fann stad. Ekteparet hadde begge drukke alkohol, og den hyggelege kvelden vart snudd på hovudet då paret kom heim frå pub og kvinna konfronterte mannen med mistankar om utruskap.

Dei to byrja å krangle, og kvinna kasta både mobil, champagneglas, skuffer og vasar på mannen. Han svara med å spyle henne med brannsløkkingsapparat.

På eit tidspunkt knekte kvinna nasen.

Frykta kvinna døydde

Kvinna sprang etter kvart inn på rommet til familiemedlemene som var på besøk, og bad dei ringe etter politiet. Ifølgje vitneforklaringane slo han henne då med ein stor vase.

Besøket frykta kvinna var død då ektemannen drog henne med seg inn på badet.

Paret forklara seg sameint då saka var oppe, og forklara at nasen knekte då ho fall på skummet frå brannsløkkingsapparatet. Dei benekta at ekteskapet er valdeleg, men kvinna forklara at ektemannen også tidlegare har tydd til vald når han har drukke.

33 dagar i varetekt

Retten la likevel til grunn at kvinna hadde endra si forklaring i høve til det ho sa den aktuelle natta. Ektemannen meinte forklaringa til besøket var oppdikta, utan at retten festa lit til det.

Mannen sette seg også kraftig til motverje då politiet kom, og han truga mellom anna med å «knuse trynet», drepe og valdta politibetjenten.

Påtalemakta la ned påstand om fengsel i ni månadar, med 33 dagar varetektsfengsling i frådrag. Retten la vekt på at begge partar var aktive i hendinga og dømde mannen til fengsel i fem månader. Han må også betale 5.000 kroner i sakskostnader.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.