NRK Meny
Normal

Femten år og forfattar

HØYANGER (NRK): Ho har skrive sidan ho var seks år. I helga står 15-åringen på scena med ein sjølvskriven tekst om dei mange filosofiske spørsmåla i livet.

GLER SEG: – Eg har ikkje ord til å skildre kor fantastisk UKM er, seier Sigrid Louise Frøysland. Her står ho på scena i Høyanger fredag kveld. Sjå videoen der ho framfører forteljinga si.

– Har du nokon sinne stått opp midt på natta for å sjå på stjernene? Har du nokon sinne tippa hovudet bakover for å studere himmelen etter at sola har gått ned? spør Sigrid Louise Frøysland.

Slik byrjar teksten 15-åringen framfører på UKM-festivalen i helga. Ho har skrive den sjølv og kallar den eit foredrag om filosofiske tankar – om å elske, å tenke, å håpe og å drøyme.

Ung forfattar

Sigrid skreiv si først bok då ho var seks år. Ho skriv dikt, songar, noveller, fantasybøker – og har ei samling på over femti «fan fiction»-historier om karakterane frå Hakkebakkeskogen.

– Eg har fortalt historier så lenge eg kan hugse. Og eg har skrive dei ned sidan eg gjekk i første klasse og skreiv e-ane mine baklengs. Det har alltid vore ein del av meg, fortel den snakkesalige jenta med forfattarnamnet «Lou».

– Når eg jobbar med ein tekst skriv eg heile tida og over alt. Eg kan vakne om natta, skrive i skuletimar, og tenke ut historia medan eg står i dusjen. Viss nokon spør kven eg er, kallar eg meg forfattar.

Langvegsfrå til UKM

I helga får vi høyre dei slagkraftige orda hennar frå UKM-scena. Festivalen samlar unge talent frå heile fylket, men Sigrid har reist lenger enn dei fleste for å vere med. Frå Lindesnes til Høyanger.

Forfattarspira flytta til Lindesnes med familien for fire veker sidan, men er oppvaksen i Bremanger.

– Eg elskar å stå på scena, og UKM betyr veldig mykje for meg. Eg har reist i 12 timar for å vere med, og det er verdt det når det er UKM som ventar. Det er ein fantastisk moglegheit til å møte masse flotte, flinke menneske!

Sigrid Louise Frøysland framfører teksten sin på opninga av kunstutstillinga på UKM.

OPNA UTSTILLING: Sigrid opna årets kunstutstilling på UKM i Sogn og Fjordane med den sjølvskrivne teksten sin.

Foto: Sigrid Sivertsen Haugan / NRK

Vil gjere verda til ein betre stad

Historiene til Sigrid er ofte sett i ei verd der noko ikkje er heilt riktig. Ho tek opp tema som rasisme, kjønnsroller og konformitet.

– Verda er ein vanskeleg stad, men det er greitt å vere annleis. Ofte må karakterane mine akseptere at dei ikkje er slik samfunnet vil at dei skal vere. Og som regel finn du eit hint av romantikk, for det greier eg ikkje å unngå!

– Viss eg klarar å bruke dei riktige orda håpar eg å treffe folk. Eg forventar ikkje å få til det enno, men mitt ultimate mål er å forandre verda. Det speler inga rolle kor mange som blir påverka av det er skriv, så lenge eg påverkar nokon. Eg likar å seie at eg vil forandre verda «eit hjarte av gongen».