Hopp til innhold

Vil byggje 1,5 kilometer lang tunnel for 148,9 millionar kroner

Det skil 40 millionar kroner frå dyrast til rimelegaste tilbydar å sikre rasutsette fylkesveg 337 til Veitastrond i Luster.

Rassikring Veitastrond

SIKRING: Vegen langs Veitastrondsvatnet er rasutsett, og to utanlandske firma ligg godt an i kampen om å sikre seg prosjektet.

Foto: Statens vegvesen

Rimelegast er arbeidsfellesskapet mellom ein av dei største entreprenørane i Tsjekkia, Metrostav i Praha, og Havnen Anlegg frå Kaupanger i Sogndal kommune.

Anbodet deira er på 148,9 millionar kroner for å byggje den 1.565 meter lange tunnelen som Statens vegvesen har prosjektert langs Veitastrondsvatnet, skriv tu.no.

Deretter følgjer islandske Istak med 163 millionar kroner, Veidekke på 170,3 millionar kroner, Contexo med 178,8 millionar kroner og Birkeland Entreprenørforretning frå Gulen med 189,4 millionar kroner.

Jobben skal fullførast tidleg på hausten 2016. Tunnelen skal ha eitt felt og møteplassar. I tillegg til tunnelen skal 330 meter av veg i dagen leggast om. Noko av vegen blir lagt på fylling i Veitastrondsvatnet, og det skal byggast fangvoll og leievoll.