NRK Meny
Normal

Stor interesse for å kjøpe konkursråka selskap

Få dagar etter at Stryn Fjernvarme vart meldt konkurs, melde fem ulike selskap interesse for fjernvarmeanlegget.

Stryn Fjernvarme

VIL KJØPE: Fem ulike selskap har meldt si interesse for å kjøpe Stryn Fjernvarme som nyleg gjekk konkurs.

Foto: Ove Sveen

– Interessa for selskapet verkar å vere stor. Vi vart raskt kontakta av fem ulike aktørar som alle har liknande anlegg rundt om kring i landet, seier bustyrar Thore Heggen.

Det var i desember at Stryn Fjernvarme AS ikkje lenger makta å halde drifta gåande, og måtte melde konkurs etter åtte års drift.

Heggen seier det er vanskeleg å fastslå verdien av det konkursråka selskapet.

– Rett verdi er det som marknaden er villig til å betale, men det er vanskeleg å tenkje seg at ein får ein salssum som dekker pantegjelda. Det trur eg ingen har illusjonar om, seier bustyraren.

Pantegjelda til DNB er på nær 14,6 millionar kroner får NRK opplyst.

Låge straumprisar og dyr drift

Årsak til konkursen er todelt, forklarar Heggen.

– Det som er kome fram i arbeidet med buet er at straumprisen er vesentleg lågare enn det dei hadde forventa. Den har vore låg over tid. I tillegg har kostnadane til brensel blitt dyrare enn det ein såg føre seg då ein etablerte selskapet.

Ifølgje Heggen stipulerte selskapet ein kraftpris på 50 øre/kWh. Måndag 4. januar er systemprisen på straum på børsen 17,87 øre/kWh på Vestlandet.

Thore Heggen

HAR FÅTT MANGE TELEFONAR: Bustyrar Thore Heggen håpar å få selt Stryn Fjernvarme så raskt som råd.

Foto: NRK

I tillegg var planen å bruke avfallstrevirke til brensel. Dette fungerte ikkje, og selskapet har måtte kjøpe inn dyrare trevirke.

Kundar avhengig av drift

Stryn Fjernvarme AS har mange store kundar. Mellom dei som ikkje har alternativ oppvarmingskjelde er næraste nabo Stryn vidaregåande skule. Difor brenn det framleis i anlegget.

– Vi har klart å halde drifta oppe, både for å gje varme til kundane, og for ikkje å tape kundar og verdien av selskapet, forklarar Heggen.

Kor mykje har eigarane tapt på investeringane i Stryn Fjernvarme AS?

– Ut frå opplysningane eg har var den opphavlege eigenkapitalen på to millionar, i tillegg har dei i to omgangar tilført 1,3 millionar kroner etter nedskriving av aksjane, seier Heggen.

Utfordrande tider

Hos Norsk Fjernvarme vedgår dei at bransjen vert påverka av den låge straumprisen.

– Det er klart låge straumprisar er utfordrande for alle som leverer alternativ til elektrisk oppvarming, men samstundes er det selskap som tenar pengar, seier kommunikasjonssjef Trygve Mellvang-Berg.

Trygve Mellvang-Berg

IKKJE KONKURSRAS: Kommunikasjonssjef Trygve Mellvang-Berg seier det også er selskap i bransjen som tenar pengar, men at desse gjerne er større selskap.

Foto: Privat / NRK

Han avviser likevel at det er mange som hamnar i same uføre som anlegget i Stryn.

– Nei, det er ikkje noko konkursras i bransjen sjølv om straumprisane er låge. Samstundes er det langsiktige investeringar ein gjer når ein investerer i fjernvarme, så ein treng ein viss tidshorisont.

Bustyraren håpar å få på plass ein ny eigar så snart som råd, som kan drifte anlegget vidare i den kalde årstida vi er inne i.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser