Hopp til innhold

Fem vil bli rådmann i indre Sunnfjord

Tre av dagens fire rådmenn i indre Sunnfjord ønskjer å ta den administrative styringa i den nye storkommunen. I alt har det meldt seg fem søkjarar til den ledige stillinga som rådmann i stor-Førde.

Montasje Øyvind Bang Olsen (Naustdal), Atle Fasteland (Gaular) og Ole John Østenstad (Førde).

HARD KAMP: Øyvind Bang-Olsen (f.v.), Ole John Østenstad og Atle Fasteland kjempar om å verte den nye rådmannen i den nye storkommunen.

Foto: NRK

Dei fem som har søkt stillinga er:

  • Ole John Østenstad, rådmann i Førde.
  • Øyvind Bang-Olsen, rådmann i Naustdal.
  • Atle Fasteland, rådmann i Gaular.
  • Eva Slyngstad, Oslo.
  • Søkjar der namnet er unntatt offentlegheit.

Fornøgd med søkjarlista

– Vi er fornøgde både med prosessen så langt og med søkjarane som står på lista. I tillegg til dei personane som står på den endelege søkjarlista, så har vi og vore i kontakt med andre potensielle søkjarar. Vi meiner difor vi har eit godt grunnlag for å gå vidare i tilsettingsprosessen, seier Førde-ordførar Olve Grotle (H). Han er og leiar i fellesnemnda og medlem av innstillingsrådet.

– Ja, du meiner det er råd å tilsetje ein av dei som no står på søkjarlista?

– Ja, vi har hatt eitt møte i innstillingsrådet, og der var vi samstemte på at vi har fått gode kandidatar og at vi difor går vidare i denne prosessen, forklarar Grotle.

Har starta med intervjua

Søknadsfristen gjekk ut 6. november, og planen er at fellesnemnda skal tilsetje den nye rådmannen i eit møte 13. desember. Grotle seier at hovudjegerfirmaet alt er i gang med å intervjue søkjarane.

Og ein av dei er altså Førde-rådmann Ole John Østenstad:

– Eg har følgt kommunereforma i indre Sunnfjord i mange år og synest det er ein veldig spennande prosess. Dette er kanskje ein av dei mest spennande stillingane i distriktet vårt på lenge, og det har eg lyst til å vere med på.

– Trivast som rådmenn

Eit drygt kvarters biltur lenge ute i fjorden, sit Naustdal-rådmann Øyvind Bang-Olsen:

– Eg likar å jobbe i organisasjonar som held på med samfunnsutvikling og -planlegging. Eg trivast i rådmannsrolla, og difor har eg og søkt, seier han.

Og køyrer du 20 minuttar sørover frå Førde sentrum, styrer Atle Fasteland, den ferskaste av dei tre rådmennene, Gaular kommune:

– Eg kom til Gaular som rådmann for halvanna år sidan. I løpet av denne tida har eg fått veldig lyst på denne stillinga. Eg har frå dag ein trivast og følt at jobben har vore spennande og utfordrande. Og i løpet av prosessen har eg blitt meir og meir interessert i å vere med på å forme denne nye, store kommunen. Den største mellom Bergen og Ålesund.