Fem selskap vil oppgradere tunnelar

Entreprenørverksemda AS Birkeland frå Gulen leverte det rimelegaste anbodet med 88,4 millionar kroner for oppgradering av tre tunnelar i Luster. Røneidtunnelen, Råumtunnelen og Ottatunnelen må oppgraderast fram mot 2025 for å oppfylle krava i Tunneltryggleiksføreskrifta. Arbeidet skulle eigentleg ha starta i fjor haust, men vart utsett då alle anboda vart avviste. Vegvesenet håpar no at arbeidet kan starte i vår.