Hopp til innhold

Fem personar involvert i bilulukke

Politiet fekk melding litt før klokka ti i dag om at to bilar hadde krasja i Vadheim, i krysset mellom E39 og fylkesveg 55.

Bilulukke i Vadheim

ULUKKE: Den eine bilen held ikkje vikeplikta, og dei to bilane kolliderte i krysset, ifølge politiet-

Foto: privat

– Det er heilt klart at den eine bilen har brote vikeplikta si, seier Ole Tom Nord i politiet.

Ifølge Nord skjedde ulukka i krysset der ein av vegane er forkøyrsveg og den andre er pålagt vikeplikt, som den eine sjåføren skal ha brote.

Fem personar var involvert i ulukka, tre i den eine bilen og to i den andre. Ambulanse og politi var raskt på staden.

Bilukke Vadheim

– Dei involverte blei sett til av helsepersonell på staden og alle er sendt til lege for ein sjekk, seier Nord.

Laster Twitter-innhold

Statens vegvesen opplyser at det er mogleg å passere i det eine feltet forbi ulukkesstaden. Nord seier bilberging er på veg for å opne vegen igjen så raskt som mogleg.