Ein person send med luftambulanse etter trafikkulukke i Jølster

Fem personar er sende til sjukehus etter at to bilar frontkolliderte mellom Moskog i Førde og Vassenden i Jølster.

Trafikkulukke i Jølster

FRONT MOT FRONT: To bilar med i alt fem personar i har kollidert ved avkøyringa Hjelmbrekkefeltet på E39 i Jølster.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Klokka 09:22 fekk politiet melding om at ein varebil og ein personbil hadde frontkollidert i ei 70-sone. Ulukka har skjedd ved avkøyrsla til Hjelmbrekkefeltet.

Det var i alt fem personar i dei to bilane. Alle skal vere ut av bilane, men skadeomfanget er ukjent, melder politiet på Twitter. Ulukka skal ha skjedde då eit av køyretøya kom over i motgåande køyrefelt.

Dei skadde er to gutar på 10 og 12 år, ei kvinne i 40-åra og to menn i 50-åra. Alle fem er sende til sjukehuset i Førde.

– Skadeomfanget er ukjent. Brannvesenet er i gang med opprydding og vi satsar på opning av eit køyrefelt om ikkje lenge, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest Politidistrikt klokka 10:15.

Ein person er send med luftambulanse får NRK opplyst av vitne på staden.

Laster Twitter-innhold

Det var noko lekkasje frå køyretøya og vegen var ein periode stengd, men like før klokka 10:30 vart det opna for trafikk igjen får NRK opplyst av vitne på staden.

Trafikkulukke i Jølster

ULUKKE: Luftambulanse er på staden

Foto: Oddleif Løset / NRK