NRK Meny
Normal

Fem personar i trafikkuhell

Fem personar er sendt til legesjekk etter at ein bil køyrde av vegen i Kinnvegen i Florø.

Laster kart, vennligst vent...

UHELL: Ein bil har køyrt av vegen i Kinnvegen i Florø.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 0838.

– Det er eitt einsleg køyrety, men vi har førebels ikkje oversikt over kor mange personar som er involverte. Politiet er nett komne på staden, opplyste operasjonsleiar Johnny Jansen ved Sogn og Fjordane politidistrikt like før klokka 09.

Bilen skal ha køyrt av vegen og inn i ein fjellvegg. Alle fem personane som var i bilen blir sendt til Sunnfjord Medisinske senter for kontroll.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå