Hopp til innhold

Fem pelsdyrbønder saksøker staten

Regjeringa sitt forbod mot pelsdyr gjer at illsinte bønder går til sak mot staten.

Rev

SINTE PÅ REGJERINGA: Pelsdyrbønder over heile landet er sinte på regjeringa for at dei vil avvikle pelsdyrnæringa.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Vi tapar livsverket vårt. Eg har brukt heile livet på å bygge opp min eigen arbeidsplass. Pelsdyr er det einaste eg kan drive med, seier Olav Haugen frå Lærdal.

I 2017 bestemte Stortinget at næringa skulle bli verna, medan Venstre fekk gjennomslag for eit forbod i regjeringsforhandlingane med Høgre og Framstegspartiet tidleg i år.

Haugen er ein av fem bønder som no går mot dette pelsdyrforbodet med full kraft. Saman med to bønder frå Rogaland, ein frå Oppland og ein frå Trøndelag, tek Haugen saka til retten. Dette gjer han i frykt for det over 20 år gamle livsverket sitt.

– Eg får problem med å betale ned på lånet mitt. Eg er 42 år og utan utdanning. Då får eg ikkje jobb som dekkjer lån.

Haugen meiner han vil stå att med åtte millionar kroner i lån og ein gard han ikkje kan legge om til anna drift. No ser han ikkje anna utveg enn å gå til søksmål.

Landbruksdepartementet seier dei ikkje kan kommentere saka før dei har fått ei stemning.

– Mobbing

200 pelsdyrbønder eksporterer for totalt 300 millionar kroner i året. Bøndene meiner ei avvikling av næringa er i strid med grunnlova

– Regjeringa går inn for å legge ned ei lønnsam næring som ikkje er til skade for samfunnet eller andre. Det har ikkje blitt gjort i nyare tid, og vi meiner dette er i strid med blant anna grunnlova, seier advokaten til bøndene, Christian Flemmen Johansen.

Pelsdyrbonden i Lærdal samanliknar prosessen med å stele godteri frå eit barn.

– Det er djupt urettferdig og mobbing på høgt nivå. Det er som å gje borna ei skål med godteri, før ein plutseleg tek vekk heile skåla etter at borna har fått ein bit. Då blir ein forbanna, seier Haugen.

Regjeringa føreslår å gi næringa om lag 365 millionar kroner i kompensasjon. Norges Pelsdyralslag seier det vil koste 2,3 milliardar å avvikle næringa rettferdig og riktig.