Hopp til innhold

Veteranen ser klare forbetringspotensial

SOGNDAL – SANDNES ULF: 2-2: Etter tre mål på fem minutt kokte det på Fosshaugane. Men det vart med det. – Det er litt smårusk, vedgår Kjetil Wæhler.

Kjetil Wæhler i aksjon mot Sandnes Ulf

COMEBACK NUMMER TO: Kjetil Wæhler fekk tillit frå start i sitt comeback nummer to i Sogndal.

Foto: Christian Blom

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg skulle ønske utfallet vart litt betre. Vi skulle hatt alle tre poenga, men kampen vart som den vart. Så uavgjort er greitt, seier Wæhler som fekk tillit frå start i kveldens kamp mot Sandnes Ulf.

Før dagens kamp hadde verken Sogndal eller gjestane frå Sandnes tapt denne sesongen. Etter vel 95 minutt på Fosshaugane kan begge lag ri vidare på den bølgja. Men:

– Vi slepp inn litt for enkle mål, og dei kjem til litt for enkle sjansar når vi ikkje er påpasselege i duellspelet. Det er litt å jobbe med, men vi har ikkje tapt enno, så laget er solid sånn sett, seier Wæhler.

Sjølv om Sogndal var farlege framfor mål fleire gonger i første del av kampen, kunne veteranen og Sogndal fint lite gjere med Onyekachi «Kachi» Ugwuadu, då han etter 36 minutt sende gjestane i leiinga.

Onyekachi "Kachi" Ugwuadu gir Sandnes Ulf 1-0 mot Sogndal

NETTKJENNING: Kjetil Wæhler og co. måtte berre sjå på då Kachi sette inn Sandnes Ulf si første skåring.

Foto: Christian Blom

Elleville fem minutt etter pause

Sjølv om Sogndal var farlege framfor mål fleire gonger i første del av kampen, kunne veteranen og Sogndal fint lite gjere med Onyekachi «Kachi» Ugwuadu, då han etter 36 minutt sende gjestane i leiinga.

Sogndal gjorde fleire gode forsøk på å svare mot slutten av omgangen, men det var først etter kvarteret i garderoben at det losna.

Eirik Schulze starta det som skulle bli fem elleville minutt med skåringa si for Sogndal i det 51. minutt. Lagkamerat Joachim Soltvedt melde seg på, og putta mål nummer to for heimelaget to minutt etterpå. Men ikkje før jubelen til heimepublikummet hadde stilna, svara Kristian Brix med å utlikne til 2–2.

Wæhler meiner dette synte ein av svakheitene til laget.

– Det var litt for mykje fram og tilbake i dag, litt for mykje Hawaii. Vi har ikkje heilt kontroll når vi er i ubalanse, og der kan vi bli flinkare.

– Treng meir tid saman

Sjølv om han meiner laget viser styrke ved å klare å kome tilbake etter å ha lagt under, skulle han ønskje dei klarte å halde på leiinga når dei skårar to mål på rappen.

– Vi har ein del unge spelarar, som kanskje er meir taktiske og ikkje heilt skolerte heile vegen. Det er ein del ting å jobbe med. Men med meir tid saman og fleire diskusjonar i spelargruppa, så trur eg vi kan få bukt med mange småproblem.

42-åringen som sette fotballen på vent etter at Sogndal rykte ned i haust, er no for fullt tilbake i fotballmodus. Kampen i dag er hans første på lenge, og det merkast vedgår stopparkjempa.

– Kapasitetsmessig er eg bra trent, men eg kjem nok til å merke at eg har spelt 90 minutt. Det er lenge sidan. Men eg trur det skal gå bra. No skal vi riste av oss dette, og sjå fram til neste helg.

Kjetil Wæhler i aksjon for Sogndal i comebackkampen mot Sandnes Ulf
Foto: Christian Blom
Laster innhold, vennligst vent..