Hopp til innhold

Fem millionar til utsiktsrydding

Attgroing av kulturlandskapet kan få turistane til å droppe Norge. Problemet er så stort at regjeringa har sett av 20 millionar kroner til utsiktsrydding på Vestlandet, og det berre for i år.

Ved Halbrendsfossen i Førde, før og etter landskapsrydding. Det er seks år mellom bileta.

FØR OG NO: Fylkesmannen vil at fleire skal rydde kulturlandskapet. Ved Halbrendsfossen i Førde vart det rydda i 2009, seks år seinare var området på ny tilgrodd.

Foto: Fylkesmannen Sogn og Fjordane

Vi ville ha klar ordninga før ferien, for vi rekna med at når folk reiser rundt og ser på utsikta, eller ikkje ser den, så kunne frustrasjonen kanskje inspirere til handling, seier Bjørn Harald Haugsvær på Landbruksavdelinga.

Bjørn Harald Haugsvær

LANDBRUK: – Rydding vert ein aldri ferdig med, men har ein først gjort det er det lettare å halde ved like, seier Bjørn Harald Haugsvær hos Fylkesmannen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Gjennom jordbruksoppgjeret i 2015 vart det sett av 20 millionar kroner til utsiktsrydding i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal frå og med 2016.

Det gjev fem millionar til kvart av fylka, og ekstra fem som kan fordelast om det trengst meir. Pengane er på plass, og forskrifter og retningslinjer for Sogn og Fjordane klare.

Viktig tiltak

Attgroinga langs vegar og kulturlandskap er ei ulempe, ikkje berre for landbruket, men det svekkjer også grunnlaget for den veksande reiselivsnæringa.

– I 2009 fekk vi rydda ein del under eit anna prosjekt. Då såg vi effekten, men også kor fort det grodde att, seier Haugsvær.

Frå før finst det ulike ordningar der grunneigar kan få støtte til ivaretaking av kulturminne, eller bønder til å rydde grøfter, men det som skil denne ordninga frå dei er at alle med eit eige organisasjonsnummer kan søke tilskot til rydding, så sant dei har løyve frå grunneigar.

Opp til 70 % av kostnadane kan dekkast, resten må ein bidra med sjølv, anten ved eigeninnsats eller ved eit spleiselag, foreslår Haugsvær.

Kløvi, Leikanger

2009: Sognefjorden er attraktiv for turistane.

Foto: Fylkesmannen Sogn og Fjordane

Søknadsfristen er løpande, og for å få tilslag må ryddinga av vegetasjon vere i eit område av verdifull karakter for landbruket og reiselivet. Det skal skje langs ferdselsårer, vegkantar og vegnære utsiktspunkt. Det skal også leggast ein plan for vedlikehald, og ryddingsvirke skal brukast til bioenergi.

Kløvi, Leikanger

2015: Men ryddar ein ikkje, eller held ved like, er det ikkje mykje fjord i sikte.

Foto: Fylkesmannen Sogn og Fjordane / Fylkesmannen Sogn og Fjordane

Viktig fjordlandskap

– Eg håpar vi nyttar ordninga godt, at effekten syner. Vi er på eit vis eit pionerfylke for denne ordninga. Gjer ho ein skilnad her, så kan det vere det blir tilsvarande løysingar over heile landet, seier Haugsvær.

Han trur ein av grunnane til at Vestlandet har fått ordninga er at fjordlandskapet er viktig for turismen i landet.

– Rydding vert ein aldri ferdig med, men har ein først gjort det er det mindre arbeid å vedlikehalde. Vi vil syne fram kor fint det er her, men det skal også vere til glede for oss som bur her.