NRK Meny
Normal

Fem grunnar til at Hovland kan bli den nye stopparbautaen

Med Even Hovland i midtforsvaret har landslaget slutta å sleppe inn mål. Den lågmælte sogningen kan bli forsvarssjefen Per-Mathias Høgmo har mangla.

Hovland

INNE I VARMEN: Tre år etter debuten har Even Hovland endeleg fått det til å svinge på landslaget. Her takkar han fansen for støtta etter 1-0 sigeren på bortebane mot Bulgaria.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Etter sigrane mot Kroatia og Bulgaria har landslaget fått ein opptur få hadde turt å drøyme om. Nürnberg-stoppar Even Hovland skal ha sin del av æra for at landslaget endeleg verkar å ha fått orden på forsvarsspelet.

Sindre Øgar, journalist i VG

HAR TRUA: Sindre Øgar, journalist i VG, meiner Even Hovland er ein stor grunn til at Norge har fått orden på forsvarsspelet.

Foto: Pressefoto

NRK har spurt to fotballkjennarar om dei trur Hovland har kvalitetane til å dominere på landslaget i åra som kjem.

Karl-Petter Løken om Mjøndalen

HAR TRUA: NRK-ekspert Karl-Petter Løken meiner Hovland har kvalitetane som trengst, men trur han etter kvart treng å spele klubbfotball på eit høgre nivå.

Karl-Petter Løken er tidlegare landslagsspelar og ekspertkommentator i NRK. Sindre Øgar er journalist i VG. Dei siste 6-7 åra har han jobba som sportsjournalist og følgt landslaget tett.

Her er grunnane til at dei trur Hovland kan vere mannen Per-Mathias Høgmo har venta på:

1. Statistikken

Etter det audmjukande 1-5 tapet mot Kroatia i mars var fasiten 1,65 baklengsmål i snitt under Per Mathias Høgmo. Dei fire siste kampane, alle med Hovland på laget, har enda utan mål i mot.

Karl Petter Løken: – Litt tilfeldig er det at vi ikkje slapp inn mål mot Kroatia, men ikkje berre. Det er viktig å få sett eit forsvar og sleppe unødige baklengsmål. Det har vi ikkje gjort dei siste kampane og innsatsen til Hovland har vore veldig positiv.

Sindre Øgar: – Han er ein stor grunn til at Norge har fått skikk på det defensive. Samstundes er det andre som spelar på laget, men Hovland har i alle fall gjort jobben og vel så det.

2. Han har gripe sjansen

Even Hovland har i fleire år vore rekna som eit stort talent. I 2012 kom landslagsdebuten, men etter det har det blitt med nokre få treningskampar for den skadeplaga sogningen. Tre år etter debuten fekk han endeleg sjansen i avgjerande kvalikkampar.

Karl-Petter Løken: – At han fekk sjansen no handlar om at han har blitt meir vaksen og i tillegg betre som fotballspelar. Etter det han har vist er det ingen tvil om at tida var moden og han har prestert veldig bra i tospann med Vegard Forren i dei siste landskampane.

Sindre Øgar: – Det har stått andre før han i køen og det har ikkje vore noko folkekrav om at han skulle få spele. Men no var det på tide. Det handlar om å gripe sjansen når du får han og det har Hovland gjort. Når Norge har heldt nullen i fire kampar og Hovland har vore fantastisk god, så vil han få fortsette å spele om han held fram på same måte.

3. Fysikk og klokskap

Even Hovland er 1.90 på strømpelesten og har fart og styrke til å matche dei fleste. Saman med ro og klokskap er dèt kvalitetar ekspertane meiner kan gjere han til ein sårt trengt bauta i midtforsvaret.

Karl-Petter Løken: – Hovland er flink til å lese spelet, sterk i duellane og i tillegg har han såpass bra fart at han blir sjeldan sprunge frå. I tillegg har han eit klokt fotballhovud. Det er viktig skal du vere ein god forsvarsspelar.

Sindre Øgar: – Norge har vore ein midtstopparnasjon i mange år, med Bratseth, Berg, Johnsen, Hoftun, Hangeland. Men Høgmo har slite med å finne ein slik type, ein forsvarssjef. I Hovland er han kanskje i ferd med å få det. Han har det meste: fysikk, fart, kraft og i tillegg har han veldig god speleforståing og ro med ball.

4. Kjemien med Vegard Forren

Per-Mathias Høgmo har veksla mellom eit utal midtstopparpar i si tid som landslagssjef. I Hovland og Forren har han funne ein duo som kjenner kvarandre godt frå tida saman i Molde.

Karl-Petter Løken: – Relasjonar i fotball skal du ikkje undervurdere. Det er spesielt viktig for eit landslag å ha folk som spelar saman eller har spelt saman tidlegare, for der har du ikkje så veldig god tid i forkant av kampane. Då er du avhengig av at kjemien er god og det er det ingen tvil om den er mellom Forren og Hovland.

Sindre Øgar: – At dei kjenner kvarandre frå før er heilt sikkert ein fordel. Eg trur nok ikkje det er avgjerande, men det er heller ingen ulempe.

5. Han er framleis ung

Tjueseks år er ingen alder for ein midtstoppar. Even Hovland passar godt inn i eit landslag av unge talent, som forhåpentlegvis berre vil bli betre med åra.

Karl-Petter Løken: – Jo meir tillit du får, jo betre blir du gjerne. Og spesielt opplevingar som mot Kroatia, der dei trass alt spelar mot eit topplag, vil byggje sjølvtillit. Så vi kan berre håpe at Hovland blir ein ordentleg bauta bak der, for det treng vi sårt.

Sindre Øgar: – Det er heilt opp til han sjølv om han held på framgangen. På landslaget vil han spele fast så lenge han presterer som no. Og så handlar det om å halde seg skadefri. Viss han gjer det, trur eg han har mange gode landslagsår framfor seg.

Og så minuset: klubbkvardagen

Even Hovland meinte sjølv det var eit steg opp då han i fjor gjekk frå Molde til Nürnberg og det nest øvste nivået i tysk fotball. Likevel meiner våre to ekspertar at Hovland bør sikte enno høgare, dersom han har tenkt å bli den bautaen alle etterlyser.

Karl-Petter Løken: – Tysk fotball er bra, men han bør helst spele på det høgste nivået. Men den sjansen kan by seg, om ikkje gjennom godt klubbspel, så i alle fall ved godt spel på landslaget over tid. Om landslaget då eventuelt skulle gå til EM, vil det opne seg heilt andre dører.

Sindre Øgar: – Andre bundesliga i Tyskland kan vere ein fin arena, kanskje ein sesong til. Men for sin eigen del bør han opp eit nivå, sjølv om det ikkje er eit krav for å spele på landslaget.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.