Hopp til innhold

Tok hand om fem rusa menn - på under ein time

Når alkoholen går inn, går vitet ut seiast det. Natta i natt var ikkje noko unntak, sjølv om den trass alt var av det rolege slaget.

Politiet på Twitter
Foto: skjermdump, Twitter.com

Ifølgje politiet sine twitter-meldingar, komprimerte hendingane seg til 58 hektiske minuttar.

På denne tida tok politiet seg av fem rusa menn på ulike stader i fylket.

Det heile starta klokka 03 då politiet fekk melding om to unge menn som hamna i basketak utanfor ein skjenkestad i Dale. Medan patruljen køyrde mot staden, kom meldinga om at partane var gått kvar for seg.

Nokre minuttar seinare fekk politiet på Sandane melding om ein sint og høglydt mann i 20-åra. Patruljen fekk snakka han inn i bilen og køyrde han deretter heim til seng.

Klokka 0335 fekk ein rusa mann i 20-åra nokre timar med «uttørking» i drukkenskapsarresten. Mannen, som vart plukka opp i Øvre Årdal, vart dimittert, men politiet opplyser at han også blir meld for ordensuro.

Sju minuttar seinare plukka politiet i Vågsøy opp ein rusa mann i 20-åra i Måløy. Patruljen køyrde han like godt heim.

To minuttar på fire rauk to menn i 20-åra saman ved ein bensinstasjon i sentrum av Førde. Begge vart påført mindre skader og politiet opplyser at det også her blir oppretta sak.