Hopp til innhold

Fem farevarsel berre i januar: – Vi er bekymra for styrtregn og rask snøsmelting

Den erfarne flaumeksperten er uroa. Berre hittil i år har alarmen for jordskredfare og flaum gått fem gonger.

Flom og stengt veg i Namdalseid

MYKJE VATN: Flaum og stengd veg i Namdalseid 21. januar i år.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

– Eg er bekymra. Det er ikkje normalt å få så mange episodar med flaum i januar. Det liknar meir haust eller vår, seier hydrogeolog Hervé Colleuille i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Seinast denne veka måtte fjellovergangen over Strynefjellet stengast. Ikkje på grunn av vinter, men fordi snøen i terrenget smelta så fort at vegbana blei som eit basseng.

– Vanskeleg å varsle

– Det er sikkert 25-30 centimeter vatn i vegen. Vi har ikkje sjanse til å halde vegen open, sa Statens vegvesen til NRK.

Hervé Colleuille vonar at vêret på Vestlandet, Midt-Noreg og i nord stabiliserer seg utover. Om ikkje, så fryktar han at vi kan få fleire alvorlege flaumepisodar framover.

– Vi er bekymra for at det kan bli fleire periodar med styrtregn og rask snøsmelting. Det er vanskeleg å varsle og det kan vere årsak til store skadar.

NVE har oppsummert fjoråret, og det er særleg områda i Sogn og Fjordane og Nordland som fekk det tøft med mange flaumar og jordskred i fjor.

To menneske omkom

Styrtregn og jordskred tok to menneskeliv i Noreg i fjor. Særleg fekk den ekstreme situasjonen i Jølster mykje merksemd.

30. juli opna himmelen seg over innlandsbygdene i Sunnfjord. Folk blei isolerte og ein mann omkom då bilen han sat i blei tatt av skred.

Hervé Colleuille håpar sterkt at det ikkje blir like gale utover i 2020, som det var i 2019. Men med den spesielle vinteren som har vore hittil i januar, er han usikker.

– Men det er for tidleg å seie om det er ein trend, slår flaum- og skredeksperten fast.

Slik var flaum- og skredåret 2019:

  • Det var 49 dagar med jordskredvarsel, fordelt med 44 på gult og fem på oransje farenivå.
  • Det var om lag 30 prosent fleire periodar med farevarsel i 2019 enn i 2018.
  • Det var 68 dagar med flaumvarsel i Noreg i 2019, fordelt på 19 periodar.
  • Det var 30 dagar med varsel om kraftige regnbyer og styrtregn, åtte av dei dagane på oransje farenivå.
  • Flest dagar med jordskredfare hadde Nordland og Sogn og Fjordane, flest dagar med flaumvarsel var i Hedmark.
Flomskred ved Bolstad som stengte E16 29.08.2019.

STENGDE E16: 21. august i fjor blei E16 mellom Bergen og Voss igjen råka av steinras.

Foto: Ingjerd Martinussen / Statens vegvesen
Ras Jølstravatnet

DØYDDE: Ein mann døydde då bilen han sat i blei treft av dette jordskredet i Jølster 30. juli i fjor.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes