NRK Meny
Normal

Fem bilar i trafikkuhell på E39

Fem bilar var fredag ettermiddag involverte i trafikkuhell på E39 ved Bekkjavatnet i Førde.

Laster kart, vennligst vent...

SÅPEGLATT: NRK har fått tips om at det er svært glatt i området.

Politiet har førebels ikkje fått melding om skade. Eit av dei involverte køyretøya har køyrt av vegen.

– Ingen skadde

Operasjonsleiar Olaug Holme i Sogn og Fjordane politidistrikt seier brannvesen og ambulanse ikkje rykkjer ut.

– Politiet har ein patrulje på veg, seier ho.

Dei har ikkje full oversikt over kva som har skjedd enno, men Holme seier opplysingar dei har fått går på at fleire av bilane har køyrt i kvarandre bakfrå.

– Det er ingen informasjon om at personar skal vere skadde.

Like før klokka 16 fredag ettermiddag opplyser operasjonssentralen at politiet har vore på staden. Det er stadfesta at ingen personar er skadde, dei involverte vil gjere opp seg i mellom for dei materielle skadane som har oppstått.

– Folk bør vere forsiktige

Politiet har fått meldingar om glatt veg i området. Vegtrafikksentralen er varsla.

Etter ein lengre periode med mildvêr er vêret i ferd med å snu, og temperaturane går nedover i Sunnfjord. Operatør Arne Stadheim ved Vegtrafikksentralen i Lærdal seier dei har fått fleire meldingar om glatte vegar i Sunnfjord-området.

– Det har klarna opp og då får ein ofte litt glatt veg, seier han og har ei klar oppmoding til folk som skal ut på vegane.

– Folk bør vere litt ekstra forsiktige utover kvelden.

Entreprenørane i området er varsla og er ute for å gjere tiltak.

På fjellovergangane er det fredag ettermiddag ikkje meldt om trafikale problem.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå