Hopp til innhold

Fem bilar i kollisjon – 28 personar involverte

To personar er frakta til sjukehus og til saman 28 personar var involverte då fem bilar kolliderte på riksveg 5 mellom Jølster og Sogndal.

Fem bilar i kjedekollisjon på riksveg 5 i Fjærland.

SJÅ VIDEO: Slik såg det ut på ulykkesstaden i Bøyadalen i Fjærland. Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum

Siste: Klokka 10.25 melder Statens vegvesen at riksveg 5 er opna for trafikk.

– Det har vore ei påkøyrsle bakfrå. Fem bilar er involverte og der var til saman 28 personar i desse bilane. To av desse er moderat skadde og er sende til Førde sentralsjukehus, opplyser operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Påkøyrsle bakfrå

Ulykka skal ha skjedd då ein bil fekk problem på det glatte vinterføret nær avkøyringa til Bøyum i Fjærland.

– Vi veit at det er snø og isglatt veg. Uhellet har skjedd då den eine bilen miste kontrollen, og dei andre har køyrt inn i denne. Det er snakk om store materielle skader, og ingen av bilane er i køyrbar stand, seier Hope.

Ulykke i Fjærland

KJEDEKOLLISJON: Bilane stod på kryss og tvers etter ulykka i Bøyadalen i Fjærland.

Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum / NRK

Fekk hjelp hos lokalbefolkninga

Dei til saman 26 personane som kom uskadde frå hendinga blir no tekne hand om inntil ein får ordna med vidare transport.

– Desse er sjekka ut, men ingen av dei er kledde til å stå ute. Dei som ikkje kom seg vidare for eiga hjelp, er tekne hand om av politiet. Dei blir innkvarterte hos personar i Fjærland, seier Hope.

Ifølgje operasjonsleiaren skal det ha vore både ein fleirbruksbil og ein minibuss i kollisjonen.

– I nokre av bilane tok sju personar, ein tok ni. Nokre av desse er ein del av eit reisefølge, men det er uklart om alle er i same følgjet. Alle involverte er heimehøyrande i Sogn og Fjordane.

Trafikkulykke i Fjærland

FULL VINTER: Naudetatane rykte ut med store ressursar til ulykka i Fjærland i Sogn.

Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum / NRK

Varma seg i bilane og venta på hjelp

Naudetatane rykte ut med store ressursar til ulykka som skjedde i svingane i Bøyadalen ned mot Fjærland frå Fjærlandstunnelen. Alle dei involverte køyretøya skal ha vore på veg i retning Sogndal.

– Det er alltid litt kaotisk når vi kjem fram til ein skadestad. Då vi kom fram snødde det. Nokre stod på utsida av bilane, andre hadde sett seg inn att for å varme seg, fortel Vidar Trettenes i Sogn Brann og Redning.

Hovudfartsåra mellom Sunnfjord og Indre Sogn stengd i fleire timar etter kjedekollisjon. Fem bilar med til saman 28 personar.

VENTA: Det danna seg kø på begge sider av ulykkesstaden langs hovudvegen mellom Sunnfjord og Indre Sogn.

– Køyr etter forholda

Riksveg 5 mellom Sogndal og Fjærland var stengd i tre timar etter at ulykka vart meldt klokka 07.24 søndag morgon.

Politiet ber folk som skal ut på vegane i vest søndag om å ta det roleg.

– Det er viktig å vere observant og ta omsyn til føret. Det er opplyst at det er veldig glatt. Det er viktig at ein tilpassar farten etter føret, seier operasjonsleiar Wenke Hope.

Laster Twitter-innhold
Fjærland